Føresetnaden er at Stortinget ikkje tuklar med dei 90 millionane, og at dei følgjer opp med 111 millionar i 2008. Med ein statsråd frå Lærdal skulle det vera sikra.

Den siste etappen av den tiltrengte opprustinga av europavegen i Lærdalsdalen går frå Voldum, like etter den nye tunnelen forbi Borgund stavkyrkje, og til Borlaug. Vegen skal gå i ein 8,5 kilometer lang ny trasé, om lag to kilometer kortare enn dagens smale veg. På parsellen er det tre bruer og ein tunnel på 1,9 kilometer bak Steinklepp.

På Borlaug kan ein velja mellom E16 vidare gjennom Valdres, eller kortaste veg til Oslo via Hemsedal, Gol og Hønefoss. På sistnemnde strekning er det i budsjettframlegget sett av ti millionar kroner til ei rekke mindre tiltak.

Største potten på E16 mellom Bergen og Oslo går likevel til Wøyen-Bjørum i Bærum, eit prosjekt til tett på milliarden i dalføret frå Sandvika mot Sollihøgda. På 2007-budsjettet er det ført opp 350 millionar kroner her.

E134, Åkrafjordvegen, får i dette budsjettet 82,5 millionar kroner til Rullestadjuvet, medrekna Vassvikvatnet-Vintertun, og det står att ni millionar å finansiera i 2008.

På Kyststamvegen (E39) er det sett av 35 millionar til Gammelsæter-Nipetjørn i Romarheimsdalen. Her står det att å løyva 85 millionar på seinare årsbudsjett til å gjera ferdig rassikringsprosjektet til 244 millionar kroner.

Stamvegstrekninga, rv 13, mellom Voss på E16 og Jøsendal i Odda på E134 er tildelt ti millionar kroner til fleire mindre prosjekt, først og fremst gang— og sykkelvegar og rassikringstiltak i nærleiken av Hardangerbrua. Vossapakko vil koma til Stortinget i ein eigen proposisjon når prosjektet er avklart.