Talet på norske menn og kvinner som får operert inn nye leddprotesar i kroppen er stigande. Berre i 2001 fekk nær 10.000 nordmenn operert kunstige ledd inn i hofter eller kne. Kring 700 må truleg tilbake på operasjonsbordet igjen, fordi protesane og sementen er for dårleg.

Men for berre 10-15 år sidan var talet på såkalla reoperasjonar langt høgare. Det er bakgrunnen for at eit nasjonalt register for hofteprotesar vart oppretta ved Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssykehus i 1987. Sju år seinare vart registeret utvida til gjelde alle typar leddprotesar.

Siktemålet med Nasjonalt register for leddprotesar er å påvise dårlege resultat så fort som råd, slik at lite eigna protesar og sement går ut av bruk.

Registeret har vore nyttig, viser nye tal som blir presenterte i Tidsskrift for Den norske lægeforening denne månaden:

  • I perioden 1987-90 måtte kring tretusen pasientar opererast på nytt på grunn av dårleg resultat.
  • I perioden 1997-2001 er risikoen for at pasienten må opererast på nytt ved hofteprotesekirurgi 31 prosent lågare.

Samfunnsøkonomisk

— Dette betyr at kring 300 pasientar årleg slepp reoperasjon i dag, samanlikna med for 15 år sidan, seier overlege ved Nasjonalt register for leddprotesar, O ve Furnes, til BT.

— Ikkje berre betyr det mindre liding for pasientane. Samfunnsøkonomisk betyr det ei også innsparingar på 100.000 kroner per reoperasjon.

— Er det registeret som skal ha æra for denne utviklinga?

— All ære skal vi ikkje ta, men kirurgane har raskt slutta å bruke protesar, som vi har påvist er dårlege. Dei gode resultata skuldast også at den kirurgiske teknologien er blitt betre, seier Furnes.

Sytti sjukehus rapporterer

I dag rapporterer sytti sjukehus til den nasjonale databasen i Bergen, som registrerer all informasjon om opererte og reopererte leddprotesar i Norge

Leddprotesar og sement er ikkje underlagt same strenge krav til klinisk dokumentasjon som medikament. Dette understrekar behovet for registeret, meiner Furnes:

— Biomekaniske studium er nok for at ein protese skal bli godkjent, og dermed er det «fritt fram» for firma å introdusere nye typar. Men ein kropp er ikkje det same som eit laboratorium, og derfor er det viktig å kunne påvise korleis protesane fungerer i kroppen.

Det nasjonale registeret i Bergen inneheld i dag informasjon om 77.000 hofteprotesar og 14.00 andre leddprotesar. Dei siste ti åra er det publisert tretti vitskapelege artiklar, og avlagt fire doktorgrader basert på data frå registeret.