Rekneskapen kommunen presenterer i dag, viser eit driftsoverskot på 3,8 millionar for 2008. Dermed er det oppsamla underskotet nedbetalt.

Naustdal var ein av dei store krisekommunane i Sogn og Fjordane. Men eit folketal på kring 2700 er Sunnfjordkommunen mellom dei minste i fylket. Samstundes skaffa dei seg eitt av dei største underskota og susa inn i ROBEK, lista over kommunar der økonomien er så dårleg at staten skal godkjenne alle lån og investeringar.

— Kommunen vil gå ut av ROBEK når rek-neskapen er godkjend, konkluderer råd-mann Anna Elisa Tryti i sin omtale av 2008-rekneskapen.

Ho rosar tilsette, politikarar og innbyggjarane for innsatsen som er lagt ned for å få kontroll med kommuneøkonomien:

— Det er gjennomført som eit felles løft mellom innbyggjarane, dei tilsette, leiarar og tillitsvalde, politikarar og ikkje minst friviljug innsats. Frivillige har gjeve sin arbeidsinnsats, innan alt frå eldreomsorg til bygging av kunstgrasbane og festival- og kunstsatsing. Denne evna til samhandling for eit felles mål er ei sterk side ved Naust-dalsamfunnet.

Fredag spanderer kommunen kake på alle tilsette.