SIGBJØRN HØIDALEN

Etter lova skal ikkje bebuarar på alders— og sjukeheimar trenge å betale NRK-lisens for å ha eige fjernsyn på rommet. Det har ikkje Bergen kommune fått med seg.

— Dette er heilt nytt for meg. Me har fått beskjed om å betale lisens for kvar plugg som er i bruk, seier helsebyråd Liv Røssland.

Eit utval sjukeheimar gir opp at meir enn halvparten av bebuarane har eige TV. Bergen kommune har i dag 2472 institusjonsplassar, og NRK-lisens berre for halvparten av desse gir ei årleg rekning på nærare tre millionar kroner.

Liberal tolking

Underdirektør Olav Guntvedt i kultur- og kyrkjedepartementet stadfestar korleis regelverket skal tolkast.

— Føresegna for dette seier at alders- og sjukeheimar kan bruke fleire mottakarar på ein lisens. Dette blir i tillegg tolka liberalt av lisensavdelinga til NRK. Eg har fått oppgitt at praksisen er fritak for avgift for alle som flyttar inn på ein institusjon, fortel Guntvedt.

— Korleis har det seg då at Bergen kommune betalar i dyre domar?

— Det kan eg ikkje svare på. Det kan kanskje ha å gjere med at ein aktivt må kontakte NRK for å få fritak frå hovudregelen, nemleg at det er betalingsplikt for kvar mottakar, svarar Guntvedt.

I desse forfallstider

Kontorarbeidar Ruth Meland fortel om rutinane ved Kvinesdal omsorgssenter i Vest-Agder.

— Kvar gong nokon har fått langtidsopphald hjå oss, skriv eg eit brev til NRK om at den eller den har fått institusjonsplass og skal vere friteken for lisensavgift. Det ordnar seg alltid heilt greitt, seier Meland.

Ho fortel at kommunen tidlegare endå til fekk fritak for eldre som budde i eiga omsorgsleiligheit. Men denne praksisen er no endra.

I Bergen vil byråd Røssland ta affære.

— Dette vil eg gripe fatt i med ein gong. Dette er absolutt gode nyheiter for oss, og sikkert for mange andre kommunar, fortel ho.

Framleis er det nokre dagar å gjere det på før lisensforfallet for andre halvår 2008.

Privat praksis

Private sjukeheimar i Bergen som BT har vore i kontakt med, betalar ikkje lisens for alle fjernsyna som er plugga til kring om på romma. Praksisen er noko ulik når det gjeld å informere om at heller ikkje bebuarane treng å betale av eiga lomme. Hospitalet Betanien i Fyllingsdalen har som rutine å opplyse alle som kjem om fritaket:

— Me har som fast innkomstprosedyre å fortelje bebuarane og pårørande at dei kan ha TV på rommet utan å betale avgift til NRK, fortel sjukeheimsleiar Astrid Myhren.

Andre stader kan det vere meir opp til den einskilde å finne ut at no er det å betale TV-lisens eit tilbakelagt kapittel.

Urørte lommepengar

At Bergen kommune har betala for mykje i TV-avgifter, går i det minste ikkje direkte utover bebuarane på alders- og sjukeheimane. Det kan byråd Røssland forsikre.

— Etter statlege reglar blir alle med institusjonsplass trekt 80 prosent i trygda og 85 prosent av renteinntektene. Det er desse pengane me har bruka til å betale NRK. Lommepengane til dei eldre har ikkje blitt avkorta, seier Røssland.

Kva synest du om lisensbruken? Sei di meining her.

Rune Sævig