Det var eit grufullt syn som møtte geiteeigaren på Osterøy då han skulle samle inn geitene sine 3. Juledag. På Hekland ved Bruvik fann han geitene sine skotne, bundne og parterte. Mannen som eig geitene kontakta politiet, som kom til staden dagen etterpå.

— Dei er partert, ja, nærmast slakta. Hovuda er avskorne, og ikkje funne. På minst ei av geitene var beina samanbundne med taustumpar, stadfestar politioverbetjent Asle Bratholmen ved Bergen Nord politistasjonsdistrikt overfor Bygdanytt .

Totalt skal åtte geiter vere drepne eller sakna. Det er funne blodspor i snøen, som kan tyde på at nokre skadeskotne geiter har forsvunne til fjells. Gjerningspersonane har også gravd ei grop for å freiste å skjule restar frå nokre av geitene.

Politiet veit ikkje kven som står bak, og ønskjer tips i saka.

— Det heile verkar litt bestialsk. Vi vil gjerne vite kven som driv med slikt, seier Bratholmen til avisa.

Han seier at økokrim er kopla inni saka for å sjekke om det kan vere marknad for å selje geitehorn.