Aksjonsformen denne gongen blir ein kombinasjon av dei tidlegare. Dei trillar eple i barnevogn på den smale vegen måndag mellom klokka 14 og 16.

For fjorten år sidan demonstrerte mødrene på Aga for breiare veg ved å trilla barnevogn langs kanten på vegen som er ned til 2,5 meter brei. I 1996 delte dei ut eple og informasjonsskriv til bilistane. No er to av aksjonsleiarane, Randi Hjørnevik og Astrid Grønsnes, blitt bestemødrer og kan trilla enda ein generasjon i barnevogn.

— Men vi vågar ikkje ha ungar i barnevognene på vegen, så fælt som trafikken har auka. Difor fyller vi barnevognene med eple til utdeling, seier Randi Hjørnevik til Bergens Tidende.

Dette vart bestemt på eit hastig samankalla møte på Nå i går. Der deltok også ordførar Einar Lutro i Ullensvang. Han har lova hjelp til å få stortingspolitikarar i tale. Dei sit med nykjelen. Særleg er det viktig å overtyda opposisjonen. Dei har inga binding til regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, der pengar til Aga-parsellen ikkje er med.

Ordføraren har også bruk for steinmassar til å gjennomføra reguleringsplanen for Nå. Sprenging av tunnel bak Agatunet no, ville høva svært bra.

Hardingane er svært opptekne av at arbeidet på Aga-parsellen kjem i gang neste år. Snart er planar for store veganlegg i Bergen klare, prosjekt som har vore utsette på grunn av planmangel. Når desse vegane kjem i arbeid, blir det lite pengar å henta for resten av fylket.