Medrekna ein del potensielle bestemødrer var dei vel 30 i talet, rikeleg til å laga trafikkork på den ekstremt smale og svingete biten av riksveg 550 mellom Utne og Odda i går ettermiddag.

— Ingen sinte trafikantar. Berre godord å høyra, forsikrar bestemor Astrid Grønsnes overfor Bergens Tidende.

Men så er det ikkje alle aksjonistar som kan freista med velsmakande frukt til alle som tek imot informasjonsskriv.

Randi Hjørnevik, også ho bestemor og initiativtakar, trur at aksjonen kan bera frukter denne gongen. Dei tre aksjonane som kvinnene organiserte i perioden 1988-96 vart diverre berre forbigåande sigrar. Pengar kom inn på budsjetta, for så å bli «rappa» til andre prosjekt.

— Eg har ei god kjensle denne gongen, seier Hjørnevik til Bergens Tidende.

— Kva gjer de dersom det går skeis ein gong til?

— Då får vi overlata alt til mannfolka. Kanskje det er kraftigare musklar og hardare nevar som skal til, seier «besta».

Meldinga var klar til trafikantane som passerte Aga i går ettermiddag: Du er berre på gjennomreise. Om fem minutt han du slappa av. Det kan ikkje vi. Vi bur her. Dette er vegen vår. Det er her vi går, til og frå kvarandre, til og frå barnehage, idrettsplass, samfunnshus og ridebane. Vegen vart laga ein gong i førre hundreåret. Trafikken er mangedobla. Planane er klare. Pengane har vore løyvde. For fjerde gong opplever vi at Agaparsellen vert salderingspost. Difor går vi her, ikkje for å plaga deg, men for å syna kor vanskeleg det er å vera mjuk trafikant på Aga.

Barnevognene som ikkje inneheldt eple frå fruktlageret på Nå, vart trilla tomme langs vegen. Det er altfor farleg å trilla born på denne vegen, meiner både mødrer og bestemødrer.

ÅLETRANGT: Agaparsellen på sitt smalaste (2,5 meter) er trong nok for småbilar når bestemødrene er ute med sine tomme barnevogner.
ARNE HOFSETH