I fiskeværet Værlandet kan framtida bli stein. Bergarten «Black Beauty» har på rekordtid blitt 20. dyraste steinslaget i verda.

Vesle Landøy steinindustri med fire tilsette har skote gullfuglen. Den italienske steingiganten Antolini Luigi har lagt euro på bordet, og sikra seg eineretten til å kjøpe stein i blokk frå øya i Askvoll. For kvar kubikk betaler dei 22.500 kroner. Avtalen gjeld for tre år framover, og kvart år skal det leverast minst 50 kubikk. Men italienerane har sagt at dei er budde på å kjøpe omtrent det Landøy kan greie å hente ut.

— Det blir eit avgjerande år for oss dette. Utfordringa blir å få salet til Italia til å gå, seier Jermund Landøy.

Kom eins ærend

Nokre veker før påske gjekk første ordinære sendinga «Back Beauty» frå Værlandet til Verona. Antolini Luigis eigne folk kom sjølv til Værlandet, brukte nokre ettermiddagstimar og plukka blokkene dei ville ha. Tilbake i sjøkanten ligg dei som ikkje fann nåde for italienske auge.

— Dei kan sitt fag. Det er tradisjonar for slikt i Italia. Der gjekk dei på polert marmor då vi strødde einer på jordgolvet til jul.

Jermund Landøy legg ikkje skjul på at det er ei utfordring å handle med italienske kjøpmenn i stein.

— Dei skjønar ikkje sunnfjordsk treigheit. Alt skal skje straks.

I Verona har steinblokkene frå Værlandet så langt blitt saga til to centimeter tjukke diskeplater, pussa og selt vidare til USA.

Frå grått til svart

— Eg trur dette kan bli verdas dyraste stein, seier Landøy ubeskjedent, og klatrar opp i eit område med det som ser ut til å vere berre digre kampesteinar. Gigantiske grå steinblokker ligg under ein berghammar, i praksis eit rasområde. Men når steinen blir saga i tynne plater, og pussemaskinene sette på, forsvinn gråfargen. Då blir han mørk, ispedd fargar av raudt, grønt og beige.

«Black Beauty» finst berre i Værlandet, i alle fall er steinen ikkje oppdaga andre plasser i verda. Bergarten er eit unikt råstoff, skapt for hundrevis av millionar år sidan i området som har den mest dramatiske geologiske historia i Norge.

— Det er ein alvorleg god stein dette, hard som granitt. Tenk på at no jobbar vi med stein som er rasmateriale. Truleg vil kvaliteten berre bli betre til lenger ned vi kjem, seier Jermund Landøy.

Har ei von

Så langt er det berre brote i dagen. Storleiken på førekomsten veit ingen. Kor langt ned eller kor breitt beltet er, kan Jermund Landøy berre fabulere om. Noko han også gjer, om tunnelar og drift på eit nivå langt utover dagens i det vesle firmaet med fire tilsette.

— Eg er sikker på at det er stein å drive på, så lenge det kjem til å bu folk her ute, meiner Landøy.

Det er ti år sidan Jermund Landøy og kona drog i gang Landøy steinindustri. Dei har jobba 12-15 timars arbeidsdag seks dager i veka, og tatt ut løn for kanskje tiandeparten av arbeidsinnsatsen.

— Vi starta med to tomme hender. Det har vi framleis, men no har vi ei von.

POLERT: Rune Børve finpussar ei benkeplate. Den skal hamne på eit baderom på Sunnmøre.<p/> ODDLEIV APNESETH (foto)