Ein førebels rapport frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slår fast et eit uvanleg godt innsig av mellomlaks redda sesongen.

Laksen kom tidleg, og fisket i elvane starta godt. Men på grunn av den tørre og varme sommaren blei vassføringa for låg og temperaturen for høg i mange vassdrag. Dermed blei også fisket dårlegare utover sommaren. Elvar med brear i nedslagsfeltet har derimot hatt gode fisketilhøve heile sesongen.

Stort innsig av mellomlaks var venta i år, fordi mykje smolt vandra ut frå vestlandsvassdraga i 2004. I rapporten blir det konkludert med at det ser dårlegare ut for åra framover. Smoltårsklassen som vandra ut i fjor, ser ut til å ha overlevd dårleg. I tillegg til å vere få, har også smålaksen i år vore spesielt liten.

I sommar har det blitt samla inn skjelprøvar frå laksefisket for å kartleggje innslaget av rømt fisk, men førebels er det for tidleg å få noko eintydig inntrykk. Også om sjøaurefisket, der sesongen slutta først 15. september, er det for tidleg å slå fast endeleg korleis sesongen har vore. Fisket ser likevel ut til å ha vore betre enn i fjor som var svært dårleg.