— Den fartøyhandteringa han demonstrerte dåpsdagen viste at han til fulle var i stand til å føra dei nye båtane. Eg har sjølv sigla med han eg vil påstå at han var blant kapteinane få kunne gjera etter når det galdt å manøvrera fartøy, sa Arvid Økland (53), assisterande maritim operasjonssjef i HSD Sjø i SI vitneforklaring i Sunnhordland tingrett i går.

Den tidlegare maskinsjefen frå Bremnes hadde vakt den helga «Sleipner» gjekk ned, og kom nær inn på ulukka. Det var Økland som peika ut Sverre J. Hagland til å føra ein av dei to nye snøggbåtane i samband med dåpsseremonien i Bergen 21.august 1999.

— Han hadde lang erfaring og var fullt på høgde med andre kapteinar som var betre kvalifisert. Eg er sjølv ikkje navigatør, men eg var aldri i tvil om at Hagland var i stand til å utføra jobben han blei sett til, sa Arvid Økland.

Ingen øvste ansvarleg

Verken Arvid Økland eller teknisk leiar for HSD Sjø sine snøggbåtar, Terje Fivelstad (47) kunne på inngåande spørsmål frå Haglands forsvarar Per Magne Strandborg peika ut ein HSD-tilsett som var personleg ansvarleg for sikkerhetsløysingane på dei nye snøggbåtane.

Sikkerhet- og evakueringsløysingane på nye «Sleipner» og «Draupner» hadde prosjektgruppa eit kollektivt ansvar for, var svaret. Terje Fivelstad leia gruppa som prosjekterte dei to søsterfartøya som blei bygde ved Austal Ships i Australia i 1998 og 1999.

— Eit pulveriseringssvar, kommenterte advokat Strandborg

Evakueringsøvingar blei haldne på båtane ein gong i veka, her stolte HSD på at skipssjefane gjennomførte øvingane. At ikkje alle øvingar var kvitterte ut på datasystemet om bord, kan ifølgje Økland skuldast ei viss datamaskinvegring som herska blant dei eldre mannskapa.

HSD arbeidde iherdig for å få det mellombels sikkerhetsstyringssertifikatet til «Sleipner» og «Draupner» omgjort til permanente løyve, sa Arvid Økland.

Berre to dagar før forliset sende Økland brev om bord og bad om utfyllande data til innføring i driftshandboka. HSD hadde frist hos Sjøfartsdirektoratet til februar 2000 med å komplettera handboka og gjennomføra ein hardtvêrtest. HSD la til rette for at alt skulle vera ordna i første del av desember, sa Økland.

Vil bevisa veikt fartøy

Den tiltalte kapteinen sin forsvarar, advokat Per Magne Strandborg sa i retten tysdag at han seinare ønskjer å føra bevis for at «Sleipner» var for veikt dimensjonert og hadde alvorlege sveisefeil.

HSD fekk utført ein analyse hos Teknologisk institutt som konkluderte med at båtane overgjekk klassekrava med omsyn til dimensjonering i skroget. Ifølgje eit vitne som Strandborg skal føra, var det motsette tilfelle.

Teknisk leiar Terje Fivelstad blei av aktor Eirik Stolt-Nielsen konfrontert med spekulasjonane om at «Sleipner» kan ha mista baugforlengjarane eller fått deformasjon i skroget like før båten gjekk på Store Bloksa og forliste 26.november 1999.

— Det høyrest svært lite sannsynleg ut. Baugforlengjarane ville i tilfelle høgst sannsynleg ha rive med seg platedeler og opna for vassinntrenging i skotta bakanfor, svara Fivelstad.