— Blir du med på Kaotidln?

Turid Amundsen (72), bestemor til 15 og oldemor til to, har fått Borghild Lirhus (65) ved nabomaskinen til Facebook-ven. Borghild har to barneborn, og to til er på veg. Ho går ei hektisk tid i møte.

Når Turid byr opp til dans, går invitasjonen ein uendeleg lang, men superrask veg via den store vebben, og landar ein halvmeter unna. På Vatletun har IKT-elevar ved Voss vidaregåande skule invitert seniorar på gratis Facebook-kurs.

Våryrt

Yr dansefest og yr glede. Det er vel det næraste ein kan koma med oversetjing av vossauttrykket Kaotidl. Og Kaotidln er den månadlege dansefesten for godt vaksne som vart til på 70-talet og framleis held koken.

  • Vi har det alle tiders, reklamerer Turid Amundsen.

Litt yre vedgår dei å vera, fleire av seniorane som vil ta steget ut i vide venekrinsar. Dei har plassert seg under kateteret til 17-årige lærarar som gjerne har lua på inne.

  • Er dei trege, desse gamlingane?
  • Dei verkar litt slitne, men det går seg til, seier Kristoffer Almeland (17) spøkjefullt.
  • Dei kunne ha sytt for litt betre ro i klassen, kvitterer Einar Martin Hansen (snart 80), for lengst pensjonert lektor ved Voss gymnas.

I fagplanen

Den profesjonelle pedagogen har lovord å dela ut til dei unge amatørlærarane og rettleiarane deira. Opplegg og presentasjon er framifrå.

  • Men dei kunne snakka høgare til folk i vår alder, og gjerne brukt større skrift, kommenterer han.

Trond Normann Remme er læraren som rettleiar ungdommane.

  • Slike kurs høyrer med i fagplanen for IKT servicefag. I fjor hadde vi kurs i Word og operasjonsstystem. I år er det sosiale media, Facebook på måndagar og Google på torsdagar, forklarer Remme.

Deltakarane skal vera 55 år eller eldre. Kvart kurs er på fem timar, fordelt på to dagar. Elevane har sjølv laga opplegget, og eit hefte til å ta med heim. Ingen ventar at kursdeltakarane skal hugsa alt dei har vore gjennom på datarommet.

  • Eit veldig positivt tiltak, konkluderer Turid Amundsen, litt usikker på kor mange av medelevane som verkeleg stiller på neste Kaotidln.