Trondheim trafikkstasjon registrerer ein strykprosent på 59 prosent. Dette er betre enn både Bergen (63 prosent), Stavanger (65) og Oslo (66,5).

– Det er sjølvsagt herleg å slå bergensarane – også utanfor fotballbanen, seier faggruppeleiar Jan Johansen ved Trondheim trafikkstasjon.

– Men for å vera litt seriøs: Dette er ingenting å skryta av. Talet er skuffande høgt. Elevane står på trappene til å verta sendt ut i trafikken. Då må dei kunna meir enn dette, meiner Johansen.

Blant 4328 prøvar har han registrert 2543 stryk.

Verst i klassen er likevel hovudstaden. Ved Risløkka trafikkstasjon er det så langt i år gjennomført 8749 teoriprøvar for bil klasse B. 5811 har resultert i stryk.

– Dette er eit teikn på at elevane må lesa meir før dei kjem til oss, seier senioringeniør Jarle Grepstad i Statens vegvesen sitt Stor Oslo-distrikt.

Han kjem med følgjande oppmoding:

– Gå på teorikurs!