For tredje år på rad stilte sportsfiskarar seg opp langs heile norskekysten i håp om å fange den lengste sjøørretten. Over 1300 deltakarar melde seg på laurdag føremiddag, og konkurransen haldt på i 22 timar for dei mest uthaldande.

Laurdag ettermiddag låg Sigbjørn Heggdal frå Gloppen an til siger med sin 83-centimeter lange ørret. I morgontimane søndag halte Ernst Olaf Torjussen frå Vest-Agder opp ein ørret nøyaktig like lang. Årets førsteplass blei dermed delt. Gleda var ikkje mindre for Heggdal av den grunn.

— Det er kjekt å vinne, men det er berre flaks, seier sportsfiskaren.

Hard kamp

For Heggdal var det napp nesten på første forsøk.

– Fiskekameraten min hadde ein stor på kroken som han mista. Rett etter kasta eg snøret uti, sette frå meg stonga og snudde meg vekk. Då høyrde eg stonga som velta og snella som sang. Det er ein lyd vi sportsfiskarar likar å høyre, seier Sigbjørn Heggdal.

Han skjønte raskt at det var bra storleik på fisken då snøret raste utover. Fisken gav ikkje opp utan kamp, og Heggdal måtte ut på glatte steinar for å sikre seg kontroll over giganten.

– Vi hadde med oss ein håv berekna på fiskar på eitt kilo, så der fekk eg berre hovudet inni. Eg måtte stupe på alle fire for å sikre at den ikkje stakk av, men det gjekk bra, fortel Heggdal.

4,5 kilo

No ligg ørreten trygt i frysen. Den målte 83 centimeter og 4,5 kilo. Det er tredje året at Heggdal deltek i konkurransen, men første gongen han vinn. Vinnarane av konkurransen får fiskeutstyr frå Norges Jeger- og Fiskerforbund til fleire tusen kroner.

– Eg har behov for ein ny håv, så det kjem godt med, seier Heggdal.

Som ein ekte sportsfiskar vil ikkje Heggdal avsløre fiskeplassen som sikra han sigeren.

– Sørsida av Gloppefjorden er alt eg vil sei. Gloppen er den beste staden for sjøørretfiske i Noreg, meiner Heggdal.

Kva er din fiskerekord? Skriv eit innlegg under.

STØRST: Ørreten var 83 centimeter lang og 4,5 kilo tung. Den stolte fiskar er Sigbjørn Heggdal.
svein hjelmeset