Det er nemlig berre om vinteren Filefjell kan tilby sikrare overgang mellom aust og vest enn Hemsedal, Hardangervidda og Haukeli. Når snøen er borte, tilbyr dei tre overgangane både breiare, nyare og kortare veg enn Filefjell på strekninga mellom Bergen og det sentrale Austlandet.

— Dette vil ikkje Stamvegutvalet for E16 finna seg i lenger. Ordførarane langs E16, med Vang-ordførar Knut Haalien i spissen, krev at Filefjell-overgangen frå Borlaug, øvst i Lærdalen, til Øye i Valdres får rundeleg med pengar i Nasjonal Transportplan (NTP) 2010-2019.

Litt, men for lite

Men i forslaget til NTP er det berre ført opp 460 millionar til heile fjellstrekninga frå Borlaug til Øye fram til 2019. Då får ein unna det aller verste.

I Statens vegvesen si eiga stamvegutgreiing er behovet rekna til ca. 800 millionar kroner. Men også med dei pengane er det langt att til godkjent stamvegstandard over Filefjell.

Stamvegutvalet var i går samla på Fagernes Hotel. Derfrå gjekk det ut ein sterk appell til både Regjeringa og Stortinget om å følgja opp fagre ord frå tidlegare tider.

Den einaste frå sentralstyresmaktene som viste seg, var nestleiaren i Transportkomiteen, Torstein Rudihagen frå Arbeidarpartiet.

— Eg kan ikkje lova noko, men det er viktig at de får fram ein tydeleg bodskap om behovet for ny og betre veg, sa han. Rudihagen trur på eit løft for samferdsle i statsbudsjettet for 2009, men minner om at dei ekstra milliardane som Stoltenberg-regjeringa har pumpa inn i veg- og jernbanesektoren sidan 2005 ikkje viser så mykje att. Grunnen er den sterke prisauken, som har fått pengane til fordampa. I tillegg har det vore naudsynt med store overføringar til vedlikehald.

Trafikken aukar

Trafikkpresset både mot Hemsedal og Filefjell har auka sterkt etter at Lærdalstunnelen vart opna i 2001. Om få dagar vil den siste nystrekninga i Lærdalen, fram mot Borlaug, opnast for trafikk. Denne delen av E16 vil då stå i skarp kontrast til det som ventar frå Borlaug og oppover mot fjellet. På heile oppstiginga er det berre få og korte strekkjer der vogntog kan møtast utan å stoppa eller rygga.

Bør E16 få meir pengar i Nasjonal Transportplan? Bruk kommentarfeltet!