I robotkøyringa måtte Team Builders rett nok sjå seg slått av Slettebakken Lego. Men med fire topplasseringar i til saman 11 priskategoriar blei Alexander Strømme, Linn Erdal, Susanne Sedal, Andreas Nesse Persson og Ingrid Gullhav Kleiven kåra til Champion i eit sydande Vikahaugane Stord Sportssenter i går.

Av 17 deltakande lag i regionfinalen på Stord går dermed Team Builders og Slettebakken Lego vidare til den skandinaviske finalen i Bergen 27.november.

Lydsignal for blinde

I regionfinalen viste 140 ungdommar i alderen 10-16 år fram imponerande kreativitet og løysingsevne i design, bygging og dataprogrammering av robotar og teoretisk oppgåveløysing.

— Imponerande høgt nivå, som viser at det er lagt ned mykje arbeid i oppgåvene, sa dommaransvarleg Tore Haukanes etter tevlinga.

Årets oppdrag for deltakarane, som dei har hatt åtte veker på å gjennomføra, var No Limits, der ungdommane skulle gjera framlegg om teknologiske løysingar for menneske med ulike typar handikap.

Vinnarlaget Team Builders laga eit evakueringssystem for blinde - og sjåande - som er ramma av husbrann. I staden for lys er det lydsignal som skal visa folk raskaste og tryggaste vegen ut.

36 lag til Bergen

Regionfinalen på Stord samla over 800 menneske i sportssenteret. Om to veker blir det endå større tilstrøyming når 36 lag frå Noreg, Danmark og Sverige skal tevla i den skandinaviske finalen.

First Lego League oppstod i USA i 1997 og har til føremål å stimulera born si interesse for naturvitskaplege og tekniske fag. Tevlinga nådde Noreg i 2000. I Norden står 24 byar for slike arrangement.