I staden for det faste fredagsmøtet med kongen i statsråd, dreg statsminister Jens Stoltenberg fredag 25.mai til Stord og Øygarden.

På Stord har han program både på Aker Kværner Stord, på den vidaregåande skulen og på lufthamna i Sørstokken. På verftet blir han orientert om framdrifta med dei to nye boreriggane til Kjell Inge Røkkes Aker Drilling, om rekruttering og seniorpolitikk.

På gymnaset skal han samtala med elevar om internasjonalt arbeidsliv, og på flyplassen legg han ned grunnsteinen for den nye brannstasjonen som regjeringa nyleg har løyvd pengar til.

Frå Stord tek Jens Stoltenberg helikopter til Kollsnes Næringspark i Øygarden, der han skal opna Gasnors gassanlegg.