Det var etter tips frå publikum at Fiskeridirektoratets folk torsdag rykte ut til Husnes Båthavn der kassen med 55 ulov-leg fanga hummarar var, melder avisa Kvinnheringen.

— Pinleg. Eg trudde alle var store nok, seier mannen som eig merden. Han er no politimeld.

– Graverande og svært skuffande, seier inspektør Terje Otnes frå Fiskeridirektoratets regionkontor i Hordaland.

Otnes viser til at hummarbestanden er truga, og meiner at alle hummarfiskarar bør vita at minstemålet er 25 centimeter.

Bestanden er så truga at det er gjort framlegg om å totalfreda hummaren i mange år framover.

Etter at dei for små eksemplara på Husnes blei beslgalagte, tok inspektørane dei med seg i båt for å sleppa dei ut att langs fjorden.