Klokka 19.42 fredag kveld får politiet melding om husbråk i Høylandsbygd på Halsnøy i Kvinnherad kommune.

Leilegheita knust

— Meldinga tyda på kraftig bråk og at det var folk som hadde det vondt. Då politiet kom fram fann dei leilegheita knust, seier operasjonsleiar Oddvar Nordfonn i Hordaland politidistrikt til bt.no.

Slåst med politiet

Ein 38 år gammal mann gjekk ifølgje politiet, heilt berserk.

— To politimenn slåst med han i ti minuttar før dei fekk lagt han i jarn, seier Nordfonn.

Mannen skal ha trua og slått ei kvinne som bur på staden. 38-åringen bur sjølv og i Kvinnherad, men ikkje på Halsnøy.

Ekstra vakthald

  • For å sikra trygg transport til arresten i Odda, er det kalla inn ein politimann til, slik at to kan halda vakt på mannen på den lange køyreturen, seier operasjonsleiaren.

38-åringen vert truleg sikta for å ha slått og trua ei kvinne, for vald mot politiet og for rasering av staden.