Ordninga inneber at turistbussar på veg mot Voss må køyra to gonger gjennom Sivletunnelen og Stalheimstunnelen for å få med seg turistattraksjonen Stal-heimskleiva.

Rasfare Det betyr at dei også må køyra to gonger på den korte, rasfarlege strekninga mellom dei to tunnelane. I krisepakken frå Regjeringa er det sett av pengar til å reinska ned ein del lause steinar i terrenget ovanfor vegen.

Initiativet til trafikkreguleringa kom frå selskap som nyttar andre bussjåførar enn dei lokale. Dei er rett og slett redde for å køyra i den bratte kleiva med 13 hårnålssvingar og smal veg når ein må hanskast med møtande trafikk.

Lokale sjåførar meiner at dei som kvir seg for møtande trafikk, ikkje har noko i Stalheimskleiva å gjera.

Kjøper opp guidebyrå European Cruise Service er blant storbrukarane av Kleiva. Dei nyttar også svenske bussar og sjåførar på utfluktene ut frå cruisekaia i Flåm. No har morselskapet også kjøpt 51 prosent av aksjane i Voss og Fjordane Guideservice og styrkar stillinga si i distriktet.

I utgangspunktet ville dei ha einvegskøyring oppover i Stalheimskleiva. Det er mindre skremmande enn å køyra nedover. Statens vegvesen har kome til at trafikktilhøva ved avkøyrsla frå E16 i Nærøydalen blir farleg ved ei slik ord-ning, men godkjenner einvegskøyring nedover.

Hest og kjerre også Ved Stalheim Hotell er ein lite begeistra over knefallet for storbrukarane. Halve attrasjonen er borte når spenningsmo-mentet med møtande trafikk er fjerna.

Ein grunneigar påpeikar overfor avisa Hordaland at også hest og kjerre er å rekna som køyrande, og dermed berre får høve til å ferdast nedover. Sidan det ikkje er aktuelt å føra hestane opp att gjennom eurpoavegtunnelane, vil det bli slutt på hesteskyss i Kleiva.

MOTBAKKE FORBODE: Frå 1. mai blir det ikkje lenger lov å køyra oppover Stalheimskleiva.
ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH