Samferdselsdepartementet ville ikkje ta protestane frå Kvinnherad og Stord kommunar til følgje om å nekta vegkontoret å flytta Sunde— og Ranavik-ferja til Skjersholmane, ferjekaien ei halv mil utanfor Leirvik som blei nedlagt då Trekantsambandet opna for to år sidan. Det medfører lengre, dyrare og meir tungvinte reiser til Leirvik for dei mange passasjerane utan bil.

Leirvik - Ranavik - Sunde har hatt ein sterk trafikkvekst dei seinare åra. Sambandet er det fjerde største i HSD, og er sidan i fjor trafikkert med tre ferjer. I mars transporterte fartøya 17.929 bilar og heile 41.274 passasjerar. Rundt 32.000 av desse passasjerane skulle til eller frå Leirvik.

— Med den trafikkenveksten som framleis er venta vil dagens ferjeløysing til Leirvik ikkje kunna løysa kapasitetsproblema på ein tilfredsstillande måte. Den auka trafikkmengda vil også kunna skapa problem for trafikkavviklinga og trafikktryggleiken dersom ein held oppe dagens løysing på Leirvik ferjekai, seier statssekretær Arnfinn Ellingsen i Samferdselsdepartementet.

Trafikkveksten og bruk av større ferjer var vilkår for ombygginga av Ranavik ferjekai som snart er ferdig. Det skal gå to store ferjer i sambandet med avgong kvar time, og seine kveldsferjer i tillegg. HSD skal setja inn korresponderande bussar mellom Skjersholmane og Leirvik.