Professor Vidar Lehmann meiner Haukeland sykehus treng minst to nye luftsmitteisolat snarast mogleg. Lehmann er overlege ved infeksjonsseksjonen på sjukehuset, og dagleg leiar på Kompetansesenteret for tropemedisin og importerte infeksjonssykdommer. I dag har Haukeland to isolat for luftsmitte. Det eine ligg på intensivavdelinga, og kan difor ikkje brukast i alle tilfelle.

Øyremerka midlar

— Dersom vi får inn to eller fleire pasientar som må i luftsmitteisolat samstundes, får vi eit problem. Den situasjonen kan oppstå kva tid som helst. Vi har hatt fleire tilfelle i år.

Heldigvis var ingen av dei samstundes, fortel Vidar Lehmann.

Statens helsetilsyn ber no Helsedepartementet vurdera å øyremerka midlar til å auka den totale kapasiteten på luftsmitteisolat. Helsetilsynet har hatt jamleg kontakt med helsepersonell som arbeidar innan smittevern. Personellet legg for dagen ei generell bekymring for landets samla isolasjonskapasitet, ei bekymring Helsetilsynet deler.

— Ikkje minst av beredskapsmessige omsyn bør den totale kapasiteten på landsbasis òg bli vurdert av sentrale styresmakter, skriv fungerande helsedirektør Geir Sverre Braut i brevet til departementet.

Tre tuberkulosetilfelle

Lehmann meiner minimumsbehovet på Haukeland sykehus er fire luftsmitteisolat, men trur dei treng ti isolat for å ha tilfredsstillande beredskap. Luftsmitteisolata kan òg nyttast som kontaktsmitteisolat, noko som reduserer faren for at dei blir ståande ubrukte. Haukeland sykehus har i år behandla tre ulike tilfelle av multiresistent tuberkolose.

Dette er bakteriar som er motstandsdyktige mot dei fleste antibiotika. Det har i tillegg vore fleire tilfelle av pasientar med resistente stafylokokkar (MRSA) med stor bakterieutskiljing. Begge desse pasientgruppene må bli lagt på luftsmitteisolat med undertrykksventilasjon. I tillegg kan det vera behov for å isolera pasientar med vannkoppar. Barnesjukdomen er svært smittsom, og kan vera farleg for pasientar med nedsatt immunforsvar.

Kostbare ting

— Vi har hatt planar klare for to nye isolat i lang tid, men har til no ikkje hatt penger til å setja dei i sving. Dette er kostbare ting. Vi snakkar om millionbeløp, noko Haukeland sykehus ikkje kan klara utan ekstra tilskot. Vi har venta lenge på at styresmaktene skal ta tak i dette, seier Lehmann.

I tillegg til sjølve isolatet, må ein ha personell som er godt trent. Lehmann meiner isolata må brukast ofte slik at personalet blir vant til å bruka det. Det krevs nemleg spesialkunnskap for å bruka dei. Difor skal desse isolata samlast på regionssjukehusa. Lehmann er skeptisk til å senda smittefarlege pasientar mellom ulike sjukehus.

— Det er ein risiko knytta til å senda slike pasientar til andre sjukehus. Difor bør kvart regionsjukehus ha kapasitet nok til å dekka sitt område, meiner Lehmann.

Aukande problem

Tuberkulose er eit stort problem i Afrika og Aust-Europa. Ein rapport frå Nasjonalt folkehelseinstitutt gjer det klart at resistent og multiresistent tuberkulose fins i Norge. Både talet på tuberkulosetilfelle, og delen av bakteriestammene som er resistente aukar på globalt nivå.

— Eg vil ikkje skremma folk, men det kjem heilt sikkert nye tilfelle av multiresistent tuberkulose. Det er vanskeleg å spå om omfang, men sannsynlegvis vil talet på tilfelle auka, trur Lehmann.