Minst annankvar som tok ordet gav uttrykk for at dei kom til å sakna den avgåande fylkesmannen, og gåvebordet vart til slutt i minste laget.

Rett nok vart Svein Alsaker minna om stridssaker som ligg og flyt rundt omkring. Både Bømlo-ordførar Inge Reidar Kallevåg og byråd i Bergen, Lisbeth Iversen, nemnde både reguleringsplanar, naust og rorbuer. Men var raske å leggja til at kontakten med fylkesmannen alltid hadde vore konstruktiv.

Og det er ingen tvil om at mange har opplevd kontakten med fylkesmannen, kanskje særleg gjennom miljøvernavdelinga, som frustrerande. Seniorrådgjevar Anniken Friis bar fram helsing frå dei tilsette under fylkesmannsembetet, og gav til beste ein replikk Alsaker, tidlegare KrF-poltikar, skal ha kome med vedrørande ulovleg bygging i strandsona:

— Tilgivelsens tid er forbi.

Tresteghoppar

Ein ting kan ingen ta frå Svein Alsaker. Han er den einaste nolevande fylkesmann som har hatt embetet i meir enn eitt fylke. Då han overtok embetet i Hordaland for tolv år sidan, kom han frå fem år som fylkesmann i Finnmark. Dette vart framheva av departementsråd Karin Moe Røisland frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, som hadde tatt turen til Bergen i staden for statsråden, Rigmor Aasrud, som måtte møta i Stortinget.

Moe Røisland hadde fått med seg at Alsaker har ei fortid som friidrettsmann på høgt nasjonalt nivå, med tresteg som spesialitet, og at han hadde vore på juniorlandslaget. Ho gjekk ut frå at han var like sprek framleis.

Tok vare på jentene

Frå Oslo kom og Hans Røsjorde, tidlegare stortingsmann for Frp i Hordaland, no fylkesmannskollega i Oslo og Akershus, og helste frå resten av fylkesmennene.

Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg, KrF, kom inn på Svein Alsaker si fortid som KrF-politikar.

— Vi var saman på valkampanje, og eg vart alltid forundra over kor flink du var til å snakka med folk. Og eg skal helsa til deg frå KrF-jentene, som du alltid tok godt vare på gjennom din politiske karriere.

Stundene utpå kvelden

Byrådsleiar Monica Mæland er mellom dei som frå tid til annan har reagert kvasst på avgjerder frå fylkesmannsembetet. I går fann ho grunn til å minna om at fylkesmannen står i kryssingspunktet mellom politikk og byråkrati, og at Svein Alsaker hadde meistra denne rollen på ein måte som det stod respekt av.

Anved Johan Tveit, ordførar i Eidfjord, meinte for sin del at når Svein Alsaker hadde vore ein såpass bra fylkesmann, så måtte det skuldast at han hadde røtene sin frå Hardanger. Tveit mintest med glede alle dei møter og samkomer han hadde vore med på saman med fylkesmannen, «og særleg har eg sett pris på stundene utpå kvelden, etter at det offisielle programmet var slutt».

Slagplanar

Ei særleg helsing frå Stavanger kommune vart boren fram av Bjørn Vidar Lerøen, som har gått frå stillinga som informasjonssjef i Statoil til politisk rådgjevar i Stavanger kommune. Lerøen kom inn på det lange venskapet som knytte han til Svein Alsaker, og ikkje minst fleire år med politisk kannestøyperi som dei dreiv med innanfor Kristeleg Folkeparti for nærare 30 år sidan.

  • Bortsett frå min eigen familie, er det ingen eg har hatt så mange nære samtalar med som med Svein. De skulle berre visst kva for slagplanar vi har skrudd saman opp gjennom åra, sa Bjørn Vidar Lerøen.
Deisz Ørjan
Deisz Ørjan