Eriksen er busett i Leikanger, og var økonomisjef i fylkeskommunen før han blei tilsett som rådmann i Luster. Stillinga som øvste administrative leiar i fylkeskommunen er i utgangspunktet ei åremålsstilling på seks år, men kan forlengast med ytterlegare ein periode.

Søknadsfristen var opphavleg 20. november, men blei forlenga til 4. desember. Det er fylkeskommunen som på eigne nettsider opplyser at det berre er ein søkjar til stillinga.

Noverande fylkesrådmann Jan Øhlckers går av 31. mars neste år.