• EIN STAD GÅR GRENSA: – Dette er heilt horribel styring frå fylkeskommunen. Austevoll kommune vil miste både arbeidsplassar og skatteinntekter. Næringslivet bit seg fast her ute, men ein stad går grensa, seier storinvestor Helge Møgster. FOTO: Marita Aarekol

Berre ein ting står i vegen for investeringa på 500 millionar: Ei ferje

Austevoll laksepakkeri AS med 192 tilsette seier dei er avhengige av ei nattferje for å satsa vidare i Austevoll. Ei utviding til 500 millionar kroner står på spel.