Ifølgje Bergvesenet er utgreiingsplikta ikkje oppfylt for det planlagte dagbrotet i fjellet Tindane ovanfor E 39 og for utskipingskaien nedanfor kyststamvegen.

I høyringsrunden før jul kom det kritiske innspel frå 39 instansar, grupper og enkeltpersonar i Fitjar, Stord og på Tysnes. Bergvesenet sender no saka tilbake til Gabbro Stone AS sin samarbeidspartnar Multiconsult og ber om grundigare utgreiing av fleire forhold.

Bergvesenet krev blant anna at det blir gjort betre greie for kva geologiske grunnundersøkingar som er gjort i området, og at det må leggjast fram kvalitetsdokumentasjon for steinmaterialet, som i hovudsak er gabbro, i fjellet.

Det blir óg bede om utarbeiding av ein marknadsanalyse der eksportmarknaden for pukkprodukt blir vurdert. Bergvesenet vil dessutan ha nye landskapsmodellar som viser steinbrot, deponi og vegtilkomst, og nye registreringar av dyre— og plantelivet.

Utbyggjaren må óg laga ein plan for korleis kaiområdet skal nyttast, korleis tilkomsten blir, og utarbeida eit samla oversyn over kor mange fastbuande og hytteeigarar som blir berørte av tiltaket. Bergmeisteren vil i tillegg ha greie på følgjene for oppdrettsanlegga i Langenuen, og ei vurdering av korleis ballastvatnutslepp frå transportskipa skal handsamast.

Bergvesenet gjer det klart at skipsanløpa på Raunholm vil koma inn under dei nye reglane som krev ein sårbar- og risikoanalyse for å styrka tryggleiken.