På blanke berget ligg ein nasjonalskatt. Rissa inn av steinalderfolks hender for meir enn 3000 år sidan. Mesteparten av dei hundrevis med dyre— og menneskemotiv ligg under plast, verna mot den kommande vinterens herjingar. Ei tildekking gjort for å prøve og hindre ytterlegare forvitring av det porøse fjellet. I Ausevika kan bileta frå fortida, nokre av våre eldste fornminne, vere i ferd med å gå tapt.

— Publikumsrampane blir bygt for at besøkjande skal kome til og få sjå helleristingsfeltet på ein betre måte. Men det er sjølvsagt også eit poeng at vi ikkje ønskjer folk skal gå og trakke i feltet med bergkunst, seier kultursjef i Flora, Edvin Helgheim.

Første byggjesteg

I nedkant av helleristingsfeltet på sørsida av Høydalsfjorden blir det no bygt ein langsgåande rampe som besøkjande skal gå på. På oppsida av helleristingane skal det dessutan kome ei utsynsplattform.

Det er firmaet Nature med base i Bergen som utfører byggingsarbeidet. Arkitekt Valborg Leivestad i Sogndal har teikna publikumsplattformene.

— Arbeidet skal vere fullført til neste sommarsesong. Gangvegane i tre er første byggjesteget i det som vi om få år håpar skal bli Vestnorsk Bergkunstsenter, seier Edvin Helgheim.

I nabokommunen Bremanger ligg største helleristingsområdet på Vestlandet, Vingenfeltet. Meininga er at senteret i Ausevika skal bli ein stad der historia blir fortalt, eit kompetansesenter for den vestlandske bergkunsten. Det skal vere ein møteplass for fagfolk, forskarar og turistar, men også fungere som lokal samlingsplass for folk i grendene rundt Ausevika.

Neste år?

I tre år har planane lagt klare for bygginga av helleristingssenteret i Flora. Eit særprega bygg på 660 kvadratmeter skal mellom anna innehalde resepsjon, utstillingshall, formidlingslokale, kafé, butikk og toalett. Senteret skal byggjast i terrassar langs ein skråning. Uttrykket er modernistisk, men bygget er lite prangande og føyer seg fint inn i terrenget. Bygget er teikna av arkitekt Kjell Hareide.

Totalkostnaden er rekna til i overkant av 25 millionar kroner. Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har begge avgjort å gå inn med 8,5 millionar. Så langt vantar senteret 8,5 millionar frå staten og ein tilsvarande sum frå private investorar.

Kultursjefen konstaterer at det heller ikkje i år kom løyving i statsbudsjettet, slik det er søkt om for fleire år sidan. Private sponsorar blir det framleis arbeidd med å få på plass.

— Vi håpar å kunne starte reisinga av bygget neste år, seier Helgheim.

I følgje dei eksisterande planane vil det koste ca 4,5 millionar kroner å drive senteret i året. Det er basert på at det skal vere tre tilsette.

fakta

  • Nabokommunane Flora og Bremanger har to av dei viktigaste helleristingsfelta i landet, Ausevika i Flora og Vingenfeltet i Bremanger.
  • På feltet i Ausevika er det registrert i overkant av 300 figurar. Motiva er varierte, i tillegg til dyr og menneske er det også abstrakte figurar.
  • Forskarane meiner helleristingane i Ausevika er laga i perioden 4000 – 500 år f. Kr. Feltet blei oppdaga i 193
TIL Å GÅ PÅ: Gangvegen i tre i nedkant av feltet skal gjere at dei besøkjande får sjå betre dei 300 helleristingane som er avdekte i Ausevika. FOTO: ODDLEIV APNESETH
Apneseth Oddleiv
OVERSYN: Ovanfor helleristingsfeltet skal det byggjast ei utsynsplattform.ILLUSTRASJON: STEINAR TJERNÅS