Den 38 år gamle halsnøybuen og selskapet hans har også tidlegare gjort bergingsoperasjonar som er lagt merke til internasjonalt.

Skrytelista tek til å bli lang for Eide Marine Services og administrerande direktør Georg Eide.

Snøggbåten «Sleipner» heva ved Ryvarden i august 2000. Lasteskipet «Nico» berga i Bømlafjorden i april 2001. Fryseskipet «Green Ålesund» heva ved Sletta i mai 2001. Seismikkskipet «Geco Sapphire» heva på Laksevåg før jul i 2001. Lasteskipet «Victoria» berga i Sognefjorden i juni 2002. Lasteskipet «Hedlo» redda frå eit skjer vest av Karmøy i oktober 2002.

Eide føler seg trygg på at det også skal gå bra med «Rocknes»-snuinga denne veka.

Jordnær

Under krevjande operasjonar i skjeringspunktet mellom naturkrefter og menneskeskapte trekkrefter har Georg Eide stått i sin raude kjeledress tett innpå bergingsarbeidarane.

Jordnær, lågmælt og imøtekomande. Tilgjengeleg døgeret rundt.

— Det nyttar ikkje å stressa. Ting tek tid i slike operasjonar. Alt må riggast ved hjelp av kranar. Og så skal det gjerast sikkert. Eg ser ikkje spesielt kritiske fasar med «Rocknes». Alt er gjennomrekna nøye på førehand, seier Georg Eide.

3000 tonn horisontal og 1000 tonn vertikal vinsjkraft skal få 9000 tonn tunge «Rocknes» på rett kjøl ved CCB-basen på Ågotnes, saman med ei systematisk tøming og fylling av havaristen sine ballasttankar.

På timen

Alt ein time etter at tragedien var eit faktum i Vatlestraumen om ettermiddagen 19. januar var Georg Eide og hans folk i kontakt med poltitiet for å gje praktiske råd om korleis den opp-nedflytande «Rocknes» skulle handterast.

Om kvelden var Georg Eide på veg til Bergen. Same natt sat han i møte med ulukkesreiarlagets forsikringsselskap.

— Det kan virka brutalt å kontakta eit reiarlag i kaos etter ei slik hending. Men slik er bransjen vår, vi må trø til så fort råd er, seier Eide.

Det var hollandske Smit - verdas største bergingsselskap - som fekk hovudkontrakten på «Rocknes»-snuinga. Men det er Eide Marine Services som stiller med nesten alt redningsmateriellet, totalt 11 lekterar, kranskip og slepebåtar. Eide disponerer også vel halvparten av bergingsgruppa på rundt 60 mann som med det første går over på heilkontinuerleg skift for å få havaristen snudd.

Alltid sjøen

Georg Eide er oppkalla etter farfaren som grunnla skipsbyggeriet Georg Eides Sønner i Høylandsbygd på Halsnøy i 1922. Faren Johannes G. Eide eig i dag Eide-gruppen og bergingsselskapet, der Georg Eide er sjef.

38-åringen bur på Halsnøy med kone, tre døtre og ein son. Sjøen pregar både jobb og fritid for Georg Eide. Han har ikkje hytte på fjellet.

— Eg har kjøpt ein gammal slepebåt frå 1959 som eg har tenkt å byggja om til fritidsbåt. Men det har ikkje blitt tid. Så eg klarar meg med ein liten 18-fotar med påhengs. Eg likar meg godt på sjøen, seier Georg Eide.

Han har rundt 150 reisedagar i året. Arbeidsdagane er lange når han er borte på arbeid, 12 - 14 timar. Og endå meir i dei mest kritiske bergingsfasane. På oppdrag borte frå Halsnøy bur sjefen om bord i eitt av selskapets bergings- eller servicefartøy saman med mannskapet.

«ROCKNES»-SNUAREN: Vel to månader etter tragedien i Vatlestraumen blir «Rocknes» snudd denne veka ved CCB-basen på Ågotnes av Georg Eide og hans menn.<p/>FOTO: TOR HØVIK