— Hevinga vart litt meir komplisert enn eg hadde tenkt, vedgår Steinar Almeland overfor Bergens Tidende.

Laurdag gjekk han gjennom isen på Oppheimsvatnet med prepareringsmaskinen som skulle laga løype til det tradisjonsrike Ørnarrennet over tre mil, frå Oppheim på Vossestrand til Skulestadmo nær Voss sentrum.

Faren, Gunnar, dreiv i heile går med snø- og ismåking rundt holet i isen der han på kloss hald såg maskinen med sonen forsvinna ned i isvatnet.

— Spør du meg kva eg tenkte, så tenkte eg slett ingen ting. Det var heilt tomt, seier Gunnar, sjeleglad for at sonen dukka opp i issørpa, fekk godt tak i iskanten og svinga seg inn på trygg is, akkurat idet han sjølv kom springande til.

Holet vart ein del utvida i høve bergingsaksjonen i går, og det var viktig å ha rein isflate rundt.

For å løfta den tre tonn tunge maskinen trengst ein flottør med ein kubikkmeter luft i kvart av dei fire hjørna. Det gir til samen fire tonn flyteevne.

Men ekspertane frårådde plassering under maskinen og luftpumping under vatn. Dersom ein av «ballongane» sprakk, ville ein farleg situasjon oppstå.

Difor vart fire luftfylte flottørar lagt i overflata med underhengande trinser ned i vatnet. Dykkarane festa tau i hjørna på maskinen nede på 8,1 meters djupn, og tredd gjennom trinsene slik at dei kunne trekkast av folk og snøscooterar oppe på isen. Når maskinen var så høgt oppunder isen som han kunne koma, kunne bergingsbilen inne på land byrja vinsjinga.

Sjølv med gravemaskin og Jernbaneverket sine langsverda motorsager gjekk det for seint å laga råk inn til land. Difor vart solide tømmerstokkar henta. På desse kunne maskinen gli skrått oppover og inn på trygg is.

Rennleiar Kjell Einar Almeland var i går overtydd om at Ørnarrennet 2004 blir avlyst.

TUNG MASKIN: For å løfta den tre tonn tunge maskinen trengst fire flottørar med ein kubikkmeter luft i kvart av dei fire hjørna. Det gir til samen fire tonn flyteevne.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH