— Det er utarbeidd ei skisse som skal hjelpe selskapet over kneika. Akkurat no har eg god tru på ei løysing, kommenterer Gulen-ordførar Trude Brosvik.

Pakkeløysinga går ut på at SIVA (Selskapet for industrivekst), fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane og kommunane Gulen og Masfjorden skal gjere ansvarlege lån om til aksjekapital for selskapet. Totalt er det snakk om ti millionar kroner, fordelt med fire millionar på SIVA, to mill. på kvar av fylka og ein million på kvar av kommunane. Deler av den nye aksjekapitalen skal brukast til å dekke akkumulert underskot i selskapet.

Likviditetsproblem

GMU har vore sentral i arbeidet med å byggje ut eit større område i Sløvåg til eit maritimt senter for service mot oljetankarane som går til og frå Mongstad. Det kommunale selskapet sit som eigar av området, men har leigt vekk drifta til selskapet Fensfjord Marine.

Alt i dag skal Sogn og Fjordane fylkeskommune ta stilling til om deira ansvarleg lån på to millionar kroner skal gjerast om til aksjekapital.

I følgje saksdokumenta som blir lagt fram for fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane, slit GMU med akutte likviditetsproblem. Så godt som heile aksjekapitalen, åtte millionar kroner, er tapt, og SIVA har kausjonert for ein driftskreditt.

Ustabil leigebetaling

Bakgrunnen for det økonomiske uføret kjem fram i eit notat frå SIVAs representant i GMU-styret, Roald Moi. I notatet, som er lagt ved saksdokumenta til fylkespolitikarane, heiter det: «Etter at Fensfjord Marine AS fikk nye eiere har det vært meget ustabil betaling av leieavtalen. Det må således knyttes stor usikkerhet til om Fensfjord Marine AS vil være i stand til å betale sine leieforpliktelser ved forfall. Enhver forsinkelse i leiebetalingen får store konsekvenser for GMU, da GMUs likviditet er meget anstrengt.»

Men overfor Bergens Tidende avviser Roald Moi at dette no er problemstillinga:

— Vi har reforhandla leigeavtalen. Det problemet er løyst. Det vi no arbeider for er å sikre eit langsiktig fundament for drifta, seier han.

Etter det Bergens Tidende forstår kan det også bli aktuelt å hente inn seks millionar kroner i ny kapital gjennom ein retta emisjon til eigarane. Gulen og Masfjorden eig kvar 43 prosent av selskapet, medan SIVA sit med 14 prosent av aksjane.