Sundag morgon merka fastbuande i Eidfjord at nokon dreiv og romsterte i nokre naust. Dei kom i kontakt med dei ubedne gjestene, som var bergensarar på jakt etter bensin til ein stolen bil.

Då dei to karane skjøna at dei var oppdaga, og fekk beskjed om at politiet i Ulvik no vart varsla, strauk dei til skogs opp i lia, melder Hardanger Folkeblad.

Stille som mus

Dei lokale eidfjordingane følgde tjuvane med falkeblikk oppover i skogen, og visste nøyaktig kvar dei var då lensmannsfolka kom. Karane hadde gøymt seg godt, og låg stille som mus.

— Dei hadde gøymt seg så godt at me nesten måtte bort og pirka i dei, før dei rørde på seg. Heile episoden var udramatisk, og me leidde dei ned til bilen og køyrde dei til politistasjonen i Odda, fortel Jens Petter Gravning frå Ulvik og Granvin lensmannskontor til Hardanger Folkeblad.

Gamle kjenningar

— Bergenskarane var i slutten av trettiåra og byrjinga av førtiåra. Toyotaen dei køyrde hadde dei stole i Bergen på laurdag. Dei er avhøyrt her, er slept ut att og må møta i retten seinare. Det var ikkje nett første gongen dei var i kontakt med politiet, fortel politiførstebetjent Svein Buer ved Odda politistasjon til bt.no.