Arbeidet med å tilpasse Bergenstesten tek til straks.

– Vi har funne midlar slik at denne prøva skal bli gjort tilgjengeleg på nynorsk, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland.

Ministeren kan ikkje seie kor tid dei første kandidatane kan gå opp på nynorsk, men let det skine gjennom at ho ikkje trur det treng ta lang tid.

– Det må utarbeidast noko materiell. Vi har difor ikkje fullt oversyn over kor tid nynorskversjonen kan vere ferdig, eller kva det vil koste. Men dette skal vi få til, seier Aasland.

– Veldig kjekt

– Dette var veldig kjekt. Det var godt å høyre, seier Francine Mbanza.

Sist veke skreiv Bergens Tidende om den 20 år gamle jenta frå Burundi som i to år har lært nynorsk ved Gloppen opplæringssenter. Francine vil studere ved UiB frå hausten, og gjekk opp til Bergenstesten i januar. Då måtte ho ta prøva på bokmål.

No går ho og ventar på resultatet frå prøva som ho opplevde som vanskeleg. Francine sa til Bergens Tidende sist veke at ho opplevde det som vanskeleg å skulle ta testen på eit anna skriftspråk enn ho hadde fått opplæring i. Ho veit ikkje om ho vil ta testen på nytt på nynorsk, dersom det blir nødvendig:

– Det kan hende, men eg følgjer også undervisninga i norsk og engelsk ved Firda vidaregåande skule og skal ha eksamen der i vår. Greier eg det, får eg også studiekompetanse.

Hatt inne søknad

På slutten av 1980-talet utarbeidde Universitetet i Bergen (UiB) ei prøve i norsk for å teste framandspråklege som søkte studieplass. Fordi prøva blei laga i Bergen, fekk den namnet Bergenstesten. Seinare har denne blitt vidareutvikla, men aldri på ei anna målform enn bokmål.

Norsk Språktest ved UiB utviklar og gjennomfører prøver i norsk som andrespråk. Dei har fleire gonger tilbydd seg å lage ein nynorskversjon, men har stilt krav om at staten dekkjer utgiftene. Bergenstesten skal danne utgangspunkt for nynorskutgåva.

– Kvifor har ikkje testen blitt utarbeidd på nynorsk tidlegare, Tora Aasland?

– Det er vanskeleg for meg å svare på. Eg konstaterer at det har lagt ein søknad om midlar til dette arbeidet i departementet, men at det ikkje har resultert i løyvingar. Etter mitt syn er det synd at dette har teke så lang tid.

Aasland seier at det er sjølvsagt at slike prøver skal vere tilgjengeleg på begge målformer.

– Vi har to skriftspråk her i landet. Dei er jamstelte. Då er det styremaktene si oppgåve å leggje til rette for undervisningsopplegg og prøver både på nynorsk og bokmål.

Urettferdig

Ved Gloppen opplæringssenter i Nordfjord var dei med på å utarbeide det første nynorske læreverket for minoritetsspråklege som kom for fem år sidan. Pedagogisk leiar Aage Føleide gler seg stort over avgjerda i Kunnskapsdepartementet:

– For oss som har stått oppi dette og sett enkeltmenneska, har det vore blodig urettferdig.

I mange kommunar har det ført til konfliktar når vaksne minoritetsspråklege får undervisning på bokmål, medan ungane deira lærer nynorsk i skulen. Foreldra greier ikkje å hjelpe ungane sine med norsk.

– Eg håpar avgjerda gjev smitteeffekt slik at fleire nynorskkommunar no går over til å gjev vaksne framandspråklege undervisning på nynorsk, seier Aage Føleide.

GLAD: Francine Mbanza trur det vil hjelpe på integreringa at norskprøva som gjev studiekompetanse no skal bli tilgjengeleg både på nynorsk og bokmål. Sjølv måtte ho ta bergenstesten på bokmål i januar.
Øystein Torheim