Det som skulle vere ein hyggeleg utflukt til den kjende stranda Tsambika på Rhodos, enda med eit drama på liv og død for ekteparet Hilde Løland von Volkmann og Richard von Volkmann frå Bergen.

Dei to legane er på ferie saman med dei to barna sine, og var sist fredag klare for sol og bading. Men då dei kom ned på stranda, skjønte dei at noko var alvorleg gale. Tre greske barn på seks, åtte og elleve år dreiv utover i vatnet og var i ferd med å drukne, medan barnas far fortvila prøvde å få hjelp til å berge dei.

— Åtteåringen låg livlaus med ansiktet ned. Mannen min kasta seg i vatnet og sumde ut. Då han nådde fram, låg guten på botnen, og han måtte dykke ned for å hente han opp, fortel Hilde Løland von Volkmann på telefonen frå Rhodos.

«Var heilt blå i ansiktet»

Barnas far tok seg ut til dei to jentene på seks og elleve. Då dei tre barna var berga opp på stranda, hadde hjarte og pust stoppa på dei to minste. Den eldste var vaken, men blå og i svært dårleg form.

— Det var heilt forferdeleg. Følelsen av å stå med to livlause barn vil eg aldri gløyme. Dei var heilt blå i ansiktet, fortel bergenslegen, som til vanleg arbeider med indremedisin på Haukeland Sykehus.

Ho gjekk straks i gang med hjartekompresjon og munn-til-munn-behandling på den minste jenta, ektemannen Richard, som er augelege i Åsane, gjorde det same med åtteåringen. Bergensparets to barn på fire og sju år sat med baderingane på ein benk og såg på at foreldra kjempa for livet til dei greske jamaldringane.

— Eg veit ikkje kor lenge det stod på. Etterkvart byrja dei å hoste og puste, og pulsen kom att, seier Løland von Volkmann.

Sjukebil utan utstyr

Det vart ringt etter sjukebil - utan at det var så mykje hjelp i det då bilen endeleg nådde fram.

— Dei kunne like gjerne sendt ein lastebil. Bilen hadde ingenting av det vi er vande til av utstyr frå heime. Vi stod der med to barn som nesten ikkje pusta, det var forferdeleg, seier bergenslegen.

Etter først å ha vore innom ei førstehjelpsstove som heller ikkje var skikkeleg utstyrt, fekk dei til slutt frakta dei tre barna vidare til eit sjukehus.

Der var dei i går ettermiddag framleis innlagt.

— Det siste vi høyrde, var at det gjekk bra med dei, og at ingenting tyder på at dei har fått hjerneskader av hjartestansen, seier Løland von Volkmann.

Bydde på drops

Ho er sjokkert over kor hjelpelause dei mange badegjestane var då dei tre barna kjempa for livet ute i vatnet.

— Det sumde folk omkring, tilsynelatande utan å bry seg. Det var utruleg kor dårleg folk reagerte, seier legen.

Då barna var henta inn til stranda, kom det til fleire andre som også kunne førstehjelp, og som hjelpte til.

— Men det kom også ein mann og ville gje ein drops til den livlause jenta. Eg kunne slått til han, seier legen, som har fått ei kraftig påminning om at det er viktig å passe på barna på stranda, og å kunne grunnleggjande livredding.

Barnefaren var svært takknemleg etter at dramaet var over. Bergensparet har møtt han i etterkant og snakka om det som hende. Han ønskjer også at bergensarane skal møte barna igjen før dei reiser heim søndag.

— Det vil vi veldig gjerne. Det skal bli godt å sjå dei igjen i ein annan tilstand enn dei var i då dette stod på, seier Hilde Løland von Volkmann.