Vel, halve Bergen er gjerne hardt iteke. Vi slår av til 500 for kjentfolk. Eit fullt lokaltog med mange vogner.

Handelsstanden på Voss hadde gått saman om prosjektet, både dei med butikkar i Amfi-senteret og på Vangen. Gratis togtur i 09-tida frå Bergen og ned att ved 17-tida. Litt underhaldning på toget og gratis hesteskyss for dei minste, med fylje, rundt om på Vangen. Og så var det berre å gje seg i kast med julehandel og kafebesøk.

Dei vi snakka med, var mest interessert i typiske vossavarer, som korv og røykt kjøt, men det gjekk nok unna av andre varer også.

HESTESKYSS: Fjordhestar i tospann med Arild Himle i kuskesetet, gav dei minste gratis skyss med hest og kjerre på Vangen. Køordning på Torget.
Arne Hofseth