Der er det ledige barnehageplassar, og i dag inngjekk Fjell og Bergen ein intensjonsavtale om samarbeid om barnehageplassar på tvers av kommunegrensene.

No kan barn i Bergen få plass i barnehagane på andre sida av brua. Når Bergen etterkvart oppnår full barnehagedekning, vert det opna for at barn i Fjell også kan gå i barnehage i Bergen.

– Dette vil særleg vere attraktivt for dei som arbeider i Fjell eller ein av dei andre sotrakommunane, seier byråd Hans-Carl Tveit i ei pressemelding.