I år trugar også krigsfrykt, sarsfrykt og billege bussbillettar.

Fjerntogsjef Torry Kristiansen sitt signal i Bergens Tidende i går om større satsing på passasjerar som stig på og/eller av toget undervegs, er møtt med entusiasme blant togbrukarar som har vendt seg til Bergens Tidende. Dei ventar no stogg på fleire stasjonar, betre familierabattar og betre plass til utstyr som syklar og ski mellom Bergen og Geilo.

Etter BT sine utrekningar har passasjer nummer 30 millionar sidan krigen passert teljepunktet Finse i år. Ved årsskiftet var akkumulert passasjertal om lag 29,8 millionar sidan teljeordninga vart innført med 1946 som første heile kalenderår. Det nøyaktige talet har ikkje NSB offentleggjort dei siste åra grunna komande konkurranseutsetjing.

Bergensbanen har hatt si gylne tid den siste firedelen av 1900-talet. Dei ti åra før (1965-75) var prega av jamn og sterk vekst, frå knapt 400.000 passasjerar forbi Finse årleg, til godt over 600.000. Toppen vart nådd i 1981 med 746.411 passasjerar. I løpet av 80— og 90-åra var talet over 700.000 ni gonger, seinast i 1997. Sidan har det gått brattare og brattare nedover, og 600.000-streken er farleg nær.

Dette skjer samstundes som sidebana til Flåm held koken på rundt 415.000 passasjerar årleg, dei aller fleste i sommarsesongen. Oppskrifta har vore å laga eit godt tilbod til dei som faktisk reiser der. For Bergensbanen har NSB i stor grad vore opptekne av tevlinga med flyet, men vart mellom anna svikta av fabrikken som leverte nye tog. Akslingane tolte ikkje farten som skulle redusera køyretida.

No opplever dei beintøff tevling med ekspressbussar i tillegg. Berre 20 prosent av trafikantane på Bergensbanen sine fjerntog køyrer heile strekninga mellom Bergen og Oslo.