Problema byrja med straumstans på Finse i uvêret. Jernbaneverket brukar straum frå det sivile nettet (bygdestraumen) til signalanlegget på jernbanen.

Signalanlegget er ute av drift på strekninga mellom kryssingspora Fagernut (inne i Finsetunnelen) og Tunga (inne i Gråskallentunnelen), halvvegs mellom Finse og Haugastøl.

Når det ikkje er råd i signalisera med kvitt, raudt og grønt lys, har lokomotiv-førarane ikkje lov til å halda høgare fart enn 40 kilometer i timen. Å køyra med så sakte fart er risikabelt på høgfjellet om vinteren. Toget kan køyra seg fast i ei relativt lita snøfonn.

Arbeidet med å lokalisera og utbetra feilen på straumnettet er i gang.

Køyreleidningen med 16.000 volt straum er intakt.

I tillegg har NGI sendt ut varsel om skredfare vest for Finse. Dei åtvarar mot svært stor skredfare (kategori 5) ved Uppsete og stor skredfare (kategori 4) for resten av strekninga mellom Mjølfjell og Finsetunnelen, fortel Ole Erik Almenningen i Jernbaneverket til bt.no.