Arbeidet med å remontera køyreleidningen forbi Ristesund-raset på Bergensbanen vart hindra av uvêr natt til i dag. Dermed har toga stått stille også i dag.

— Nattoget er det fyrste passasjertoget som går forbi strekninga. Vi kan ikkje seie noko no om toget kjem forsinka fram til Oslo, men vi skal komme igjennom, sierer informasjonssjef Preben Colstrup i NSB til BT.no.

Ifølge Jernbaneverket var Bergensbanen open ved 22-tida i kveld. Nattoget går frå Bergen klokka 22.58. Ein vil då i tillegg få over ein god del godstog som har hopa seg opp på begge sider av fjellet.

Open for dieseltog

Banesjef Norvald Skjoldli opplyser til Bergens Tidende at arbeidet med køyreleidningen vert lagt opp slik at leidningen ikkje kjem i vegen dersom ein må setja i verk naudløysing før arbeidet er heilt ferdig. Dermed kan eit diesellokomotiv dra toga over den straumlause strekninga.

— Dette er likevel inga god løysing. Toga kan ikkje halda ruta, og reparasjonsarbeidet etter raset går enda seinare. Vi får håpa ar arbeidet no går etter planen og ikkje vert ytterlegare hindra, sa Skjoldli til Bergens Tidende.

Bergensbanen har vore sperra sidan grytidleg måndag morgon, heldigvis etter at nattoga hadde passert. Det var ingen tog i området då togleiar i Bergen såg at straumen vart borte i køyreledninga.

Raset var 120 meters breidt. Vel 60 meter av snøoverbygget vart knust. Den austlegaste delen vart dytta minst 50 meter nedover.

Ikkje noko sund

Namnet Ristesund på dette punktet av Bergensbanen har ingenting med sund og sjø å gjera. Som så mange andre interne namn i jernbanemiljøet, skriv det seg frå ei einskildhending.

Mest sannsynleg vart eit eller anna rista sund på denne staden vest for Hallingskeid, alt frå eit lokomotiv til termosen til ein jernbanemann.