Dette førte til omfattande skadar og gjorde strekninga straumlaus. Nesten ein kilometer av køyreledninga var øydelagt. Dermed vart det full stopp i togtrafikken mellom Voss og Arna.

Ikkje kjent

Årsaka til at toget reiv ned køyreledninga er ikkje kjent. Skadane var i går kveld ikkje utbetra, men NSB køyrte nattoga over strekninga med dieseltog.

Arbeidet fortsatte gjennom natta, men Jernbaneverket rekna i går kveld ikkje med å bli ferdige før ut på føremiddagen i dag. Passasjerane blei på grunn av dette frakta med buss mellom Voss og Arna. Togtrafikken mellom Arna og Bergen gjekk som normalt.

— Vi beklagar dei ulempene dette medfører for passasjerane våre. Dei har blitt forseinkingar på inntil 15 minutt på lokaltrafikken. Passasjerane har måtta bli transportert i buss, med dei ulemper det har, fortel vakthavande informasjonssjef Mari Øvrebø i NSB.