Forslaget vart levert til Stortinget torsdag. Der vert regjeringa beden om å greia ut ein høgfarts jernbanering på strekninga Oslo-Bergen-Stavanger-Kristiansand-Kongsberg-Drammen-Oslo.

– Ein slik jernbanering kan erstatta nesten all flytrafikk mellom desse byane. Folk vil helst reisa frå sentrum til sentrum. Dette aukar mobiliteten, og samstundes er det godt for miljøet, seier Høgres samferdsletalsmann, Øivind Halleraker, til Bergens Tidende.

Etter oppdrag frå Samferdsledepartementet har Jernbaneverket alt lyst ut eit internasjonalt anbod på utgreiing av høgfartsbaner i Noreg. Den økonomiske ramma for dette arbeidet er no sett til 2,2 millionar kroner. Frist for anbod er 15. juni, og arbeidet skal vera ferdig 1. april 2007.

Mange innspel

«Den sørnorske høgfartsringen» er ei vidareutvikling av ideen som Halleraker kom fram med i vinter om eit lyntog mellom Bergen og Stavanger. Toget må gå i tunnel på nesten heile den 160 km lange strekninga. Med 260 km i timen vert det mykje tunnelar også på den nye strekninga mellom Bergen og Oslo.

Halleraker seier til Bergens Tidende at han har arbeidd med denne tanken i ei tid. Han har spurd seg føre i diverse fagmiljø, og fått mange innspel og tilbod om hjelp. Fleire har jamvel sagt at dei kan tenkja seg å arbeida gratis med ideen.

Ei grovskisse med kart over jernbaneringen og utkast til rutetabell er alt laga. I fylgje rutetabellen går det lyntog ein gong i timen kvar veg mellom Oslo og Bergen frå klokka 6 om morgonen til klokka 21.

Opp Numedalen

Men det er ikkje fritt for at til dømes Bergenbana må leggjast kraftig om for å ta tog med lynfart: Ruta kan verte Oslo-Kongsberg-Numedalen-Geilo til Voss. Frå Voss via Norheimsund og Tysse til Bergen.

– Frå Kongsberg kan vi og tenkja oss å gå gjennom Sigdal til Nesbyen. Men Ringeriksbana vert det verre med. Både Sigdal og Numedal er enklare for ein ny jernbanetrasé enn nedre Hallingdalen, seier Halleraker.

Han peikar på at ei slik omlegging kan skapa meir plass på dagens bane mellom Oslo og Bergen til godstransport, som i det siste har hatt ei god utvikling.

NY OG RASKARE: Oslo-Bergen i 260 km/t? Ikkje umogleg, meiner Høgre, som vil ha utgreiing av nytt lyntog på bergensbana.