Rapporten «Ikke helt etter planen» er ei evaluering av Handlingsplanen for eldromsorga, og baserer seg i hovedtrekk på eldre sine eigne erfaringar med pleie— og omsorgstjenestene.

Kring 580 skrøpelege eldre over 70 år er med i den eine brukarundersøkelsen, som vart gjennomført våren og hausten 2001. Deltakarane kjem frå Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og Tromsø.

Mislikar mest å dele rom

Bergensarane skiller seg ut på fleire måtar i forskingsmaterialet. Ikkje berre mislikar dei sterkare å bli eldre, dei er også meir misnøgde med helsa enn dei andre. Å dele rom med andre er også mindre populært i Bergen.

Eldre bergensarar føler seg meir utrygge, og er meir urolege for framtida enn deltakarane frå dei andre byane. Sjeldnare er dei ute på litt lengre turar, og treffer heller ikkje slekt og familie så ofte. Dessutan driv dei ikkje så ofte med inneaktivitetar og stille gjeremål som dei andre.

På tredjeplass

I Bergen er det flest som fortel at dei treng hjelp det meste av døgnet. Dei kan sjeldnare bestemme sjølve når dei vil leggje seg, gå på toalettet, vere saman med andre eller snakke med legen.

Bergensarane i forskingsrapporten mottek hjelp frå fleire pleiarar, og må også oftare vente på hjelpa.

Når det gjeld maten, svarar 35 prosent at dei er svært fornøgde og like mange er fornøgde. Mest begeistra for maten er dei i Tromsø, der 63 prosent svarar at dei er godt fornøgde. Så følgjer Trondheim, Bergen, Oslo og Kristiansand.