— Det er nesten absurd, seier Carlos Helguera.

Han og kona Karen driv sitt eige ysteri i vesle Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag. Dei starta tidleg i fjor, men har berre hatt ost for sal i om lag 10 månader.

— Og nokre av dei andre som var med, har ysta i 10 år. I tillegg var det ostar frå Tine med i konkurransen, seier Carlos.

Det var 4. august, første dag av TrønderskMatfestival, at ostekåringa fann stad.

— Eg tenkte at «eg skal no levera inn ein ost». Det var ostar frå mange småskålaprodusentar på bordet, og eg tenkte ikkje meir på det før eg vart pikka på skuldra om kvelden. «Du er nominert» var beskjeden, og eg måtte koma opp i kokketeltet, fortel Carlos.

Der fekk han og Karen diplom for Trøndelags beste gardsost i kategorien halvfaste ostar. Av 5 moglege poeng fekk dei 4,5. Osten dei vann med, har fått namnet «gammel-erik», og er lagra minst eit halvt år.

— Prisen betyr mykje. Me har jobba mot eit mål, det har me trudd på, og no får me anerkjenning frå fagfolk, smiler Carlos.

Han fortel at prisen hadde effekt på salet under matfestivalen.

— Då stod diplomet ved sidan av «gammel-erik», og det var den osten som forsvann fortast. No er me eigentleg glade for at festivalsommaren er over. Me har ikkje mykje ost att på lageret, så no må me berre produsera ei stund, seier den glade vinnaren.