JOHN LINDEBOTTEN

Den vanskelege økonomiske situasjonen gjer det til «ei utfordring» å betala ut 33,4 millionar i 2006 til 2008, slik Hardangerbrua AS ønskjer, skriv finansbyråd Henning Warloe i si innstilling til byrådet, som vart vedteken onsdag mot Hans Carl Tveit, V, si røyst.

— Det hadde vore lettare dersom tilskota kunne fordelast over fleire år, slik det vart gjort med Folgefonntunnelen, skriv Warloe.

Likevel er den politiske viljen stor i Bergen kommune til å ta delta i finansieringa av Hardangerbrua. Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Anne-Grete Strøm-Erichsen, var byrådsleiar då Bergen kommunen henta heim att det innbetalte bidraget, nær 30 millionar kroner, frå Hardangerbrufondet mot slutten av 2002. Pengane trongst i kommunen. Voss og Granvin har gjort det same. Men også Anne-Grete Strøm-Erichsen er innstilt på at pengane skal attende til Hardangerbrua dersom Stortinget seier ja til bygging.

— Eg reknar med at innstillinga frå byrådet kjem opp i bystyret 18. oktober, seier Hans Edvard Seim, H, som er Bergen kommune sin representant i styret for Hardangerbrua AS.

Styret hadde i går møte på Voss, der byråkratar og politikarar frå eigarkommunane og fylkesmann Svein Alsaker var til stades. Jobben var å meisla ut grunnlaget for mest mogleg samkøyrde innstillingar og vedtak om det kommunale bidraget til Hardangerbrua.

— Vi vonar at Hardangerbrua kjem opp i Stortinget våren 2005. Men då har vi ein stram tidsplan. Difor er det viktig å opplysa alle eigarkommunane om kva som kan stå i vedtaket, og kva som ikkje bør stå i vedtaket. Dette for å sikra at ingenting kjem i retur. For vi har ikkje tid til strafferundar, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro frå Ullensvang.

Dei kommunale vedtaka skal innarbeidast i bompengesøknaden for Hardangerbrua, som fylkestinget skal handsama før jul.