• Sjekk værmeldingaStatistikken slår fast det alle såg og kjende: Våren var uvanleg solfylt i Bergen i år.

— I snitt var det rundt ti timar sol kvar dag av maksimalt 15 moglege, seier førsteamanuensis ved Geofysisk institutt i Bergen, Jan Asle Olseth.

Det er ny rekord med solid margin.

Langt over normalen

Relativ solskinstid blir notert i prosent utifrå maksimal mogleg solskinstid. Mai 2008 leverte 65 prosent.

Den gamle rekorden skriv seg frå 1974, då var det sol 59 prosent av tida i mai.

I fjor var vårmånaden i Bergen på normalen: 38 prosent. I 2006 var solskinstida nede i 32 prosent.

— Det har aldri før vore over 60 prosent solskinstid i mai i Bergen, seier Olseth.

Geofysisk institutt har registrert soltimar i observatoriet i tårnet på Florida sidan 1952.

Solskinstimar blir registrerte når intensiteten i strålinga kjem over ei viss grense. Geofysisk institutt måler i tillegg solskin i total energimengde frå sola, såkalla globalstråling.

Også med dette målet vart mai 2008 ein rekordmånad. Første notering var i 1965.

Julirekord frå 1965

Data frå månaden vi legg bak oss i dag, juni, er enno ikkje klare, men sol nok til rekord var det ikkje.

Derimot lovar meteorologane ein tørr og solfylt start på juli. Juli er normalt ein våt månad på Vestlandet.

Det blir meldt om stigande temperaturar, opp mot Syden-nivå, og mykje sol fram til og med laurdag. Kva som skjer deretter er meir usikkert.

Enno er det lov å håpe på rekord også i juli. Då må det over 55 prosent gjennomsnittleg solskinstid til. Rekorden har stått seg sidan 1965.

Tør du å håpe på julirekord? Syng ut i kommentarfeltet!

AVKJØLTE SEG: Godvêret i mai inviterte til ein dukkert i sjøen, og dei spreke jentene Marita Sperrevik (til v.) og Ingrid Roarsdatter Aarekol hoppa i det. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ
MYE SOL: Relativ solskinstid blir notert i prosent utifrå maksimal mogleg solskinstid. Mai 2008 leverte 65 prosent. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ