Byråd Lisbeth Iversen (KrF) møtte justisminister Knut Storberget i Oslo denne veka.

– Vi er samde om at vi må etablere ein arena for erfaringsutveksling. Justisministeren gav uttrykk for at han ønskjer at Bergen med våre erfaringar kan vere eit pilotprosjekt, seier Iversen.

Dei to avtalte at det skal arrangerast ein konferanse i Bergen til hausten for å gå vidare med saka.

– Arbeidet med å utarbeide analysar av risiko og kor sårbare ein kan vere ved ras og flaum, er krevjande og kostbart, seier Iversen. Ho viser til at berre det å skaffe ekspertisen som skal til for å gjennomføre dei undersøkingane og analysane som krevst, får kronene til å rulle.

– Vi må finne både finansielle og juridiske løysingar på dei utfordringane vi står overfor, seier byråden.

– Kven skal ta rekninga?

Iversen peikar på at befolkninga som bur i dei «farlege» områda har rett til å få informasjon når resultata av kartlegginga er klare.

– Men kven skal ta rekninga? Her treng vi ein nasjonal strategi og politikk, seier Iversen.

Det er det omfattande arbeidet i Bergen etter Hatlestad-ulykka som er grunnlaget for at Bergen inntek leiarrolla i arbeidet. I møtet gjorde Storberget det klart at det er aktuelt å kople inn andre departement, i første rekke Kommunal— og regionaldepartementet.

Hatlestad-katastrofen har hittil kosta 70 millionar kroner, ifølgje Iversen. Staten har gjeve eit tilskott på 18 millionar. 40 millionar av summen har gått til frikjøp av bustader.

«Alarmsystem»

Bergen har eit budsjett over fire år på 20 millionar til kartlegging av potensielt farlege område. Kommunen har fått inn geologar i byggjesaksbehandlinga og har etablert eit «alarmsystem» som gjer at ein kan trykkje på «ros-knappen» i planarbeidet for raskt å få svar på om planområdet er ras- eller flaumfarleg.

SIKRA: Natt til 14. september 2005 vart 19 hus i Hatlestad terrasse ramma av eit jordras valda av kraftig regnvær. Tre personar omkom i raset. Husa er nå sikra og lagt ut for sal.
Silje Katrine Robinson