Dei to byane ha vald stikk motsett handlemåte i handsaminga av det nye avløpsdirektivet som er ein del av norsk lov gjennom EØS-avtalen.

Bergen vurderte ikkje ein gong å søkje om fritak.

Trondheim klaga til ESA — som overvakar at EØS-avtalen vert halden - og fekk delvis fritak. Sidan Trondheim har meir enn 150.000 innbyggjarar er det ESA som er klageinstans, ikkje norske styresmakter.

Klagen sparer trønderane for kring 40 millionar kroner i investeringar og 15 millionar kroner i årlege driftskostnader. Det er pengar som kjem trønderane til gode i form av lågare kloakkavgift.

Bergen skal investere ein halv milliard kroner i betre kloakkanlegg. Halvparten av pengane kunne blitt spart om byen hadde søkt om, og fått fritak frå, det nye og meir omfattande reinsekravet i avløpsdirektivet. Det syner eit grovt overslag frå Vann- og avløpsetaten.

Bak dei ulike vegvala Trondheim og Bergen har gjort ligg ei stor usemje om kor naudsynte dei nye reinsekrava er.

Byråd for miljø og utvikling, Lisbeth Iversen, er ikkje i tvil om at Bergen tok ei rett avgjerd då det ikkje vart søkt om fritak.

— Vi ville sette Bergen på kartet i miljøperspektiv også på dette området. Og det var rett å vere føre var og i forkant av utviklinga. Sjølv om vi ville kunne fått dispensasjon ville den ikkje vare til evig tid. Det er billegare å ta investeringa med ein gong. Og tilleggsverdien er meir attraktive kystområde seier Iversen.

I Trondheim spelte Karl Tangen hos SINTEF fiskeri og havbruk ei sentral rolle i arbeidet med søknaden for å få redusert reinsekravet. Han trur det er få område på vestlandskysten og nordover der det omfattande reinsekravet gir ein gevinst som forsvarar investeringa og dei ekstra driftskostnadene.

— Det må vere veldig dårleg vassutskifting for å forsvare at investeringa i sekundærreinseanlegg vil ha ein kraftig påviseleg gunstig effekt, seier Tangen.

Seksjonssjef Kjell Kvingedal i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Hordaland vil få søknaden frå Askøy om fritak frå reinsekravet på sitt bord. Han skjønar at kommunar vurderer å søkje om unntak frå reinsekravet.

— Dei har vore vane med å tilpasse reinsekrav til tilstanden i sjøområde dei slepp kloakken ut i. No må dei oppfylle fastsette minimumskrav til reinsing, seier Kvingedal.