Blodbanken på Haukeland klarar ikkje få nok folk til å gje blod. Måndag måtte dei difor kjøpe nærmare 100 posar blod frå Stavanger.

— Vi har eit problem i blodbanken no med å få inn nok gjevarar. Vi må oftare ut og hente blod frå andre blodbankar, medan vi for to år sidan var oftare ute og hjelpte desse, seier avdelingssjef Einar Kleboe Kristoffersen ved Blodbanken til Helse Bergen.

Dyrt blod

Han karakteriserer lagersituasjonen som «bekymringsfull». For tida er det spesielt blod av typen null dei manglar.

Han seier dei fleire gonger i år har vore nøydd til å kjøpe blod frå andre blodbankar, ikkje minst frå Stavanger. Det er ikkje rimeleg. Kva pose blod kostar 1800 kroner, noko som gjev ein literpris på rundt 6000 kroner.

Tek tid

Viktigare er det likevel at Helse Bergen ikkje over tid kan basere seg på å tappe siddisane for blod. Kristoffersen & Co. jobbar difor for å få fleire til å gje blod i sitt distrikt.

— Eg kan forstå at det kan vere vanskeleg å ta seg fri frå jobben, kome opp på Haukeland, finne ein parkeringsplass og gå i Blodbanken. Det tek ganske lang tid, seier han.

Vil tappe folk i byen

Difor vurderer dei å utvide bruken av Blodbussen, som i dag ikkje er i bruk fredag og laurdag. Dei vurderer òg andre tiltak:

— Vi har veldig lyst til å opne ein tappestad sentralt i Bergen sentrum. Så viss nokon har rimelege lokale til leige må dei gjerne kome til meg, seier han.

Kristoffersen meiner dei òg kan ha meir blod å hente i Voss og kommunane rundt, som soknar under Helse Bergen.