Og tendensen ser ut til å halda seg, viser fylkesstatistikken for Hordaland.

I Sunnhordland vil folketalet auka med 60 personar frå 2004 til 2005. Samstundes vil regionen Hardanger og Voss få ein nedgang på 84 personar.

Bjørnefjord-området lever høgt på at Os dreg mange til seg, men det er nedgang både i Austevoll, i Samnanger og i Fusa.

Kommunane i Øygarden og Sotra veks jamt og trutt. Osterøy ligg på det jamne, medan Vaksdal, som og grensar til Bergen, må tola ein nedgang.

Utviklinga av folketalet i Nordhordland skil seg radikalt ut frå Askøy, når vi tenkjer på dei nye brusambanda med Bergen frå fyrste halvdel av 90-talet. Askøy hadde nedgang i folketalet dei tre fyrste åra på 90-talet. Så kom Askøybrua, og sidan har det gått jamt og trutt oppover, frå 18600 i 1995 til over 22000 i 2005.

I Nordhordland har utviklinga gått saktare. Nordhordlandsbrua vart opna hausten 1994. I 1995 var folketalet i regionen 26696. I år er folketalet 28400. Og det er berre Lindås og Meland som har hatt auke som er noko å snakka om. For kommunar som Radøy og Austrheim er det kanskje rettast å seia at Nordhordlandsbrua har verka til å hindra nedgang i folketalet.

Hordaland fylkeskommune vil frå 2004 til 2005 gå frå 445000 til over 448000 innbyggjarar. Held denne utviklinga fram, kan Hordaland runda 450000 i folketal neste år. Bergen vil passera 240000. Og Hordaland eser opp samanlikna med resten av landet. Folketalet i Hordaland stig frå 9,6 til 9,7 prosent av det samla folketalet i Noreg.

Samstundes veks Bergen i høve til resten av Hordaland, frå 53,3 til 53,4 prosent av folketalet.