Kva som skjer med dei fire pasientane på NKS Olaviken Behandlingssenter etter 31. august, blir opp til Bergen kommune å avgjere, i følge fagdirektør i Helse Vest RHF, Helge Bryne.

— Dette er eit forhold som må løysast lokalt, seier han til BT.

Alle pasientar som i dag får behandling på spesialavdelinga på Askøy, har nemleg Bergen som bustadskommune. Når tilbodet blir lagt ned i sommar, er det primært kommunen i samarbeid med Olaviken, som må finne ei ny løysing for pasientane, seier Bryne:

— Eg ser at dette er ei lita og spesiell pasientgruppe. Men vi må likevel halde på prinsippet om at varige bu- og omsorgstilbod er eit kommunalt ansvar.

— Det er dyrt å gje desse pasientane eit godt tilbod, og både Olaviken og pårørande etterlyser regionale spesialavdelingar. Men det vil du altså ikkje love?

— Nei. Eit samarbeid måtte i såfall skje inter-kommunalt, slik at kommunar som har pasientar med denne vanskelege sjukdommen, går saman om å lage eit tilbod, seier Bryne.