— Den kunne vore dobbelt så stor. Hadde vi hatt meir tid og pengar kunne vi ha laga ei bok som hadde ein grundigare omtale av kvar bygning. Men vi skulle ha den ferdig til hundreårsjubileet for Bergen Arkitektforening som skal feirast til helga, fortel BT-journalistane Jan Nyberg og Eva Røyrane.

Arkitektbiografi

Ideen plukka dei med seg frå Arkitektforeningen, tok den med til forretningsavdelingen i Bergens Tidende og fekk fri til å gjere arbeidet. At Bergen ikkje hadde ein arkitekturguide var eit stort hol i bergensianalitteraturen, mente dei. I mars starta arbeidet i samarbeid med Bergen Arkitektforening, som stilte fire arkitektar til disposisjon som faglege konsulentar. Og råda frå Tor Helge Valen, Jostein Molden, Hans-Jacob Roald og Carolyn Ahmer har vore veldig viktige, presiserer dei.

BT-fotograf Knut Strand har stått for det omfattande bilettilfanget av 492 bygningar. Alle bygg har ein kort omtale, og bak i boka finst den første samla biografien over arkitektar som har virka i Bergen. Tematiske byvandringar med kart, ein oversikt over arkitektprisar og ei praktisk ordliste finn ein bak i boka.

Maktdemonstrasjon

— Arkitektur handlar ikkje berre om stygt og pent, seier Jan Nyberg når vi kommenterer ti på topplista hans kor han har rangert det utskjelte Rådhuset til arkitekt Erling Viksjø på tredje plass.

Han meiner det er eit potent hus som viser kor makta i byen ligg.

— Rådhuset har ein flott materialbruk og er eit reint og smekkert landemerke. Det var det første huset i Bergen som vart bygd i naturbetong med små steinar i støypen, seier Eva.

Dei trur at høghuset vart eit hatobjekt i byen mellom anna fordi det kunne tolkast som ein maktdemonstrasjon frå kommunen då det kom opp i 1974. Det var på den tida myndigheitene ville rive dei gamle småhusa i Marken og på Nøstet.

— Det er veldig mange flotte hus i Bergen. Eg har gått mykje omkring og sett ting eg ikkje har lagt merke til før. Vi håpar at ein guide skal opne augo på andre og. Mange bur i veldig fine hus utan å vere klar over det, seier Eva.

Den tapte æra

— Vi trur vi utvidar arkitekturomgrepet med denne boka. Vi ønskjer å vere med å gjenopprette den tapte æra til murleigegardane og blokkområda. Dei kan faktisk ha gode kvalitetar. Mange blokker, for eksempel på Landås og i Fyllingsdalen, er godt planlagde og ligg fint til med mykje natur og store grøntområde rundt seg. Dei seinare åra har entreprenørane og marknaden tatt over meir av styringa. Men det er ikkje like stigmatiserande å bu i blokk no som før i tida, seier Jan.

To arkitektar som har vore lite påakta frå tida etter krigen meiner dei er Molfrid og Jo Svenningsson. Dei var pionerar i blokkarkitekturen etter krigen, saman med parhestane Harald Hjermann Løkeland og Jørgen Wright Aall. Dei var flinke til å levere og tilpassa seg samfunnets behov. Blokkene på Mannsverk, Landåstorget, i Fyllingsdalen og Helleveien er eksempel her.

Urørt frå 30-talet

I arbeidet med boka har dei vorte overraska over kor mykje bra det er å finne i byen. Det er bygd fine ting i alle periodar. Og alle bydelar har sine gode bygg, meiner dei.

Eva fortel at dei er blitt inviterte inn til folk og har sett hus frå 1930-talet der interiøret har vore heilt urørt. Alt har vore veldig gjennomarbeidd frå arkitekten, dører, skap, bord, benker, listverk, lamper. Arkitektane hadde store ambisjonar og fekk høve til følgje bygga heilt til dei var ferdige. Det skjer ikkje i dag, seier ho. No tek entreprenørane over mykje tidlegare i prosessen.

— 1930-talet er kjent som gullalderen i bergensarkitekturen. Då bygde arkitektar som Frederik Konow Lund, Kristian Bjerknes og Johan Lindstrøm blant anna villaer inspirert av gammal vestlandsk byggjeskikk.

— Men vi ser mange flotte einebustader i perioden etterpå og, på 1950- og 60-talet, seier dei.

— Kva er utfordringa for Bergen som arkitekturby framover?

— Det er å tore å vere nyskapande, samtidig som ein tek vare på dei kvalitetane ein har. Eit bygg skal vise at det er bygd i vår tid og ikkje vere eit museum eller ein kulisse. Grieggården er eit godt eksempel på eit tilpassa og nyskapande bygg. Men det er eit av dei få dei seinare åra, seier Eva.

Kva er det finaste bygget i Bergen? Diskuter i feltet under!

Bjørn Asle Grimstad
PÅ TOPP: Den Nationale Scene toppar Eva Røyrane si liste, fordi bygget er så monumentalt og poetisk.