Ein ny avtale sikrar bergensarane mykje lys og mykje varme i vinter takka vera bos ifrå Sunnhordland.

— Me må jo passa på at dei ikkje frys i Bergen, seier Cato Aamelfot, marknadssjef i Rekom AS. Selskapet som i vår vann kontrakten på transport og brenning av restavfall frå Sunnhordland, har no inngått avtale med BIR Avfallsenergi AS.

Fram til 1. april 2011 vil restavfall frå Sunnhordlandskommunane bli send til energigjenvinning i Bergen i staden for til Sverige.

— Akkurat no passa det veldig godt å få meir bos. I kuldeperioden treng me meir avfall for å brenna i båe omnane, seier Ingrid Hitland, dagleg leiar i BIR Avfallsenergi AS.

2.500 tonn i månaden

Kvar dag vil det gå fem vogntog med restavfall frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) sitt deponi i Svartasmoget til energigjenvinningsanlegget i Rådalen. Det blir til saman 2500 tonn kvar månad som blir til fjernvarme og straum for bergensarane, ifølgje ei pressemelding frå SIM.

— Me har blitt einige om ein periode no i den hardaste fyringssesongen, så skal me vurdera om det kan forlengast, seier Aamelfot.

Ifølgje marknadssjefen i Rekom AS har svenskane godteke at dei snur brenselet for ein periode og sender det til brenning lokalt.

7000 rundballar med bos

Og sjølv om norske forbrenningsanlegg tradisjonelt har teke høgare pris enn svenske for å brenna bos, lovar han at dette ikkje skal føra til noko prisauke for kundane.

— BIR har måtte gå ned i pris for å få inn desse tonna med bos. Det kan dei sikkert gjera i ein periode når det er kaldt, kommenterer Aamelfot.

SIM Transport AS skal frakta restavfallet frå SIM sitt deponi i Svartasmoget til Bergen.

Frå før ligg det 7000 ballar med restavfall på vent i Svartasmoget. Dette skal ikkje til Bergen, men fraktast med båt til Norrköping i Sverige i januar, opplyser Torleiv Agdestein, informasjonsmedarbeidar i SIM.